Verktøylinje
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Opplæringsforskrifta
-
Første delen – grunnskoleopplæring (§§ 1-1 - 3-3)
-
Kapittel 1. Innhaldet i grunnskoleopplæringa (§§ 1-1 - 1-12)
- § 1-1. Læreplanverket
- § 1-2. Opplæring i og på samisk
- § 1-3. Opplæring i og på norsk teiknspråk
- § 1-4. Opplæring i punktskrift m.m.
- § 1-5. Forsterka opplæring i norsk
- § 1-6. Tid til eksamen og eksamensførebuing
- § 1-7. Fysisk aktivitet på 5. til 7. trinn
- § 1-8. Valfag på 8. til 10. trinn
- § 1-9. Opplæring i framandspråk, fordjuping, eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- § 1-10. Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- § 1-11. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
- § 1-12. Forsering av fag
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Del dokument
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
Første delen – grunnskoleopplæring
Kapittel 1. Innhaldet i grunnskoleopplæringa
(opplæringslova § 1-4, § 1-6 og § 3-1)
§ 1-1.Læreplanverket
Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. opplæringslova § 2-3 første ledd. Læreplanverket består av Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga.
🔗Del paragraf§ 1-2.Opplæring i og på samisk
Elevar som bruker retten til opplæring i og på samisk etter opplæringslova § 3-2 andre og tredje ledd, skal ha opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk.
Elevar som bruker retten til opplæring i faget samisk etter opplæringslova § 3-2 første ledd, skal ha opplæring i dette faget etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk. Dei skal ha opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet i dei andre faga.
🔗Del paragraf§ 1-3.Opplæring i og på norsk teiknspråk
Elevar som har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 3-4, kan i faga norsk teiknspråk, norsk, engelsk og musikk få opplæring etter læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for elevar med teiknspråk, engelsk for elevar med teiknspråk og drama og rytmikk for elevar med teiknspråk med utvida timetal. Elevane kan velje om dei vil ha opplæring etter alle dei fire læreplanane, eller om dei berre vil ha opplæring etter læreplanen i norsk teiknspråk.
🔗Del paragraf§ 1-4.Opplæring i punktskrift m.m.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte med rett til opplæring i punktskrift etter opplæringslova § 3-5, opplæring i tekniske hjelpemiddel etter § 11-5 første ledd eller nødvendig opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd, har rett til opp til 1525 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.
🔗Del paragraf§ 1-5.Forsterka opplæring i norsk
Elevar som har rett til forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 3-6, skal få opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk.
🔗Del paragraf§ 1-6.Tid til eksamen og eksamensførebuing
Tid som går med til eksamen og eksamensførebuing, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.
🔗Del paragraf§ 1-7.Fysisk aktivitet på 5. til 7. trinn
Elevar på 5. til 7. trinn skal ha jamleg fysisk aktivitet i tillegg til kroppsøvingsfaget.
Den fysiske aktiviteten skal leggjast til rette slik at alle elevar utan omsyn til funksjonsnivå kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon på skolen.
Reglane om individuell vurdering i fag i kapittel 9 og reglane om krav til kompetanse for tilsetjing og undervisning i kapittel 12 gjeld ikkje ved fysisk aktivitet.
🔗Del paragraf§ 1-8.Valfag på 8. til 10. trinn
Kommunen avgjer kva for valfag elevane på 8. til 10. trinn skal få tilbod om. Kommunen må likevel tilby opplæring i minst to valfag på kvart trinn ved kvar skole.
🔗Del paragraf§ 1-9.Opplæring i framandspråk, fordjuping, eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Elevar på 8. til 10. trinn skal i tillegg til opplæringa i engelsk ha opplæring i eit framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk, eller opplæring i arbeidslivsfag.
Kommunen må ved kvar skole tilby opplæring i
Elevane skal ha det faget dei har valt, frå 8. til 10. trinn. Dei kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skolen. Kommunen kan godkjenne fagbyte på eit seinare tidspunkt dersom særlege grunnar taler for det.
Elevane kan ikkje krevje å halde fram med det same faget dersom dei byter skole.
🔗Del paragraf§ 1-10.Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 3-2, opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk etter opplæringslova § 3-3, opplæring i norsk teiknspråk etter opplæringslova § 3-4 eller særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-6, er fritatt frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn. Dei skal likevel få slik opplæring dersom dei ønskjer det.
Elevar som ikkje deltar i opplæringa i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal få forsterka opplæring i engelsk, norsk, samisk, kvensk, finsk, norsk teiknspråk eller eit anna språk som dei allereie har eit grunnlag i.
🔗Del paragraf§ 1-11.Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar er fritatt frå skriveopplæring i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.
🔗Del paragraf§ 1-12.Forsering av fag
Kommunen kan innvilge forsering på 8. til 10. trinn for elevar som har tilstrekkeleg kompetanse, slik at dei får opplæring i fellesfag eller programfag på vidaregåande nivå. Elevar kan berre ta programfag på vidaregåande nivå dersom faget byggjer på fag på 8. til 10. trinn.
Elevar som forserer fag, kan ta i bruk timane til valfag og opp til 60 prosent av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.
🔗Del paragrafKapittel 2. Leksehjelp og skolefritidsordning
(opplæringslova § 4-4 og § 4-5)
§ 2-1.Tilbod om leksehjelp
Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp på minst åtte timar kvar veke. Kommunen fordeler timane fritt på alle trinna i grunnskolen.
🔗Del paragraf§ 2-2.Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Kommunen skal gi tolv timar gratis skolefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga. Kommunen kan ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
Kravet i første ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
🔗Del paragraf§ 2-3.Gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn
Kommunen skal gi tilbod om gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
🔗Del paragraf§ 2-4.Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt
Kommunen skal etter søknad redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. trinn slik at ho per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
Med hushald meiner ein i dette kapittelet einslege foreldre, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene eller har felles barn. Dersom søkjaren har sambuar utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette.
Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
🔗Del paragraf§ 2-5.Behandling av søknader om redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga
Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld for.
Dersom skattestyresmaktene ikkje kan utlevere grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet og kommunen av den grunn ikkje klarer å gjere vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjaren om å levere skattemeldinga for det siste året og opplysningar om eventuelle skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje er førehandsutfylte.
Dersom søknaden kjem inn før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Dersom søknaden kjem inn etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.
Kommunen kan gjere vedtak om å redusere foreldrebetalinga ved automatisert saksbehandling. Avgjerda kan ikkje bygge på skjønnsmessige vilkår, med mindre avgjerda er utvilsam.
🔗Del paragrafKapittel 3. Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen og saksbehandling ved godkjenning av privat grunnskole
(opplæringslova § 15-2 andre ledd og § 22-1)
§ 3-1.Kven som har rett til å røyste om skifte av hovudmål
Rett til å røyste om skifte av hovudmål i grunnskolen har alle som oppfyller desse tre vilkåra:
Røysterett har også foreldre til
Kravet om å komme med som røystefør forelder må vere levert til eller fremja for kommunen seinast tre veker etter at røystinga er kunngjort første gong.
🔗Del paragraf§ 3-2.Organisering av røystinga om skifte av hovudmål
Kommunen skal fastsetje tid og stad for røystinga og sørgje for å kalle inn dei røysteføre med minst fire vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om
Røystinga skal vere skriftleg.
Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.
🔗Del paragraf§ 3-3.Saksbehandlingsfrist ved søknad om godkjenning av privat grunnskole
Fristen for å behandle søknader om godkjenning av privat grunnskole etter opplæringslova § 22-1 er fire månader. Fristen blir rekna frå den dagen nødvendig dokumentasjon har komme inn til Utdanningsdirektoratet, jf. tjenesteloven § 11 første ledd første punktum.
Sjølv om fristen er ute, skal ikkje godkjenning bli rekna som gitt, jf. tjenesteloven § 11 andre ledd.
🔗Del paragraf