Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Femte delen – forskjellige reglar

Kapittel 18. Ulykkesforsikring

(opplæringslova § 28-8 tredje ledd)

§ 18-1.Krav til forsikringa

Ulykkesforsikringa skal teiknast i eit forsikringsselskap som har løyve etter finansforetaksloven, og skal minst ha det innhaldet og omfanget som går fram av dette kapittelet.

§ 18-2.Kva forsikringa skal gjelde

Dersom det har skjedd ein ulykkesskade, skal forsikringa dekkje nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet der slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdloven eller yrkesskadeforsikringsloven.

§ 18-3.Når og kvar forsikringa skal gjelde

Forsikringa skal gi dekning for ulykkesskade som har hendt

a.på opplæringsstaden i opplæringstida
b.på veg mellom heimen og opplæringsstaden
c.på veg mellom heimen og staden der arbeidet blir gjort i regi av lærebedrifta.

Andre opphaldsstader er likestilte med heim i første ledd bokstav b og c.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane oppheld seg på skolen, men ikkje i feriar og under liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av internatskolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heimen og internatskolen i samband med slikt fråvær.

§ 18-4.Erstatning ved varig medisinsk invaliditet eller ved død

Ved varig medisinsk invaliditet som kjem av ulykkesskade, skal det ytast ei erstatning på maksimalt fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 prosent. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter forskrift om menererstatning ved yrkesskade.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

§ 18-5.Tilbakebetaling av utgifter til behandling

Dersom skaden fører til behandlingsutgifter innan to år etter ulykka, skal forsikringa dekkje nødvendige og dokumenterte utgifter til lege og tannlege, medisinsk behandling og reise til og frå heimen i samband med nødvendig behandling.

Ved tannskadar skal forsikringa likevel dekkje utgiftene til den første permanente tannbehandlinga så lenge behandlinga skjer seinast 31. desember det tiande året etter ulykka.

Den medisinske behandlinga etter første ledd må vere tilrådd av lege eller tannlege og vere utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda.

Reiseutgiftene etter første ledd er avgrensa til kostnaden ved å reise med det billigaste transportmiddelet som er trygt å bruke for den enkelte.

Det er ikkje eit krav at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Forsikringa kan ikkje setje ei maksimumsgrense for få dekt utgifter til nødvendig behandling som er lågare enn 0,25 G.

Eigendelen kan ikkje vere høgare enn 0,015 G.

§ 18-6.Avgrensingar i forsikringsdekninga

Forsikringa kan vere avgrensa til ikkje å dekkje ulykkesskade som kjem av

a.forgifting gjennom mat, drikke eller nytingsmiddel
b.infeksjon forårsaka av stikk eller bit av insekt eller liknande, som malaria, flekktyfus eller borreliose
c.smitte gjennom bakteriar, til dømes E. coli eller salmonella, eller gjennom virus eller anna smittekjelde.
d.psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon og angst, med mindre det til same tid har oppstått fysisk skade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.