Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Andre delen – vidaregåande opplæring

Kapittel 4. Inntak til vidaregåande opplæring

I. Fellesreglar

§ 4-1.Kven som har rett til vidaregåande opplæring

Dei som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd. Kravet om tilsvarande opplæring er oppfylt for

a.dei som er skrivne ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-2 tredje ledd
b.dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst ni år
c.dei som har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring for vaksne etter opplæringslova § 18-2 og denne forskrifta § 15-26
d.dei som har fullført grunnskolen gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. opplæringslova § 22-5.

Dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet, må sjølve dokumentere eller sannsynleggjere at dei oppfyller vilkåra etter bokstav b. Dersom fylkeskommunen finn at ein søkjar ikkje oppfyller vilkåra etter bokstav b, må det avklarast om søkjaren oppfyller vilkåra etter bokstav c. Dersom det er kommunen som skal avklare dette etter tredje ledd, skal fylkeskommunen sende saka til kommunen.

Kommunen avgjer om ein søkjar har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring etter bokstav c eller treng meir førebuande opplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for førebuande opplæring, har fylkeskommunen tilsvarande ansvar for å gjennomføre realkompetansevurdering.

§ 4-2.Inntak til utdanningsprogram og programområde

Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller vidaregåande trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval, som forserer fag, eller som planlegg å bruke lengre enn normert tid på trinnet, jf. § 5-1 tredje ledd.

Ein elev kan søkje fylkeskommunen om å ikkje delta i opplæringa i eit eller fleire fag for å ta eksamen som privatist. Fylkeskommunen kan innvilge søknaden om det ligg føre tungtvegande grunnar.

§ 4-3.Meir opplæring for elevar i fag som er gjennomført, men ikkje bestått

Elevar som ikkje har bestått eit fag og har rett til meir opplæring i faget etter § 5-2, må melde frå til fylkeskommunen dersom dei ønskjer meir opplæring i faget.

Fylkeskommunen skal fastsetje ein frist for når ein må melde seg til meir opplæring. Fristen må vere minst ei veke etter det siste av tidspunkta for fastsetjing av standpunktkarakter og sensur av ordinær eksamen i faget.

0Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 4-4.Plassar til utvekslingselevar

Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar som vil ta vidaregåande opplæring i Noreg. Fylkeskommunen kan også reservere plassar for norske elevar som er utvekslingselevar på nivå med norsk vidaregåande opplæring i land med avvikande skoleår.

§ 4-5.Lokal forskrift om inntak

Fylkeskommunen skal fastsetje ei lokal forskrift om inntak som skal innehalde reglar om korleis inntaket skal gjennomførast, mellom anna reglar om

a.kva for inntaksområde som gjeld
b.korleis fylkeskommunen skal behandle søknader som kjem inn etter søknadsfristane
c.særskilde inntakskrav for einskilde utdanningsprogram i tråd med § 4-6
d.korleis inntak til opplæring i fylkeskommunale vidaregåande skolar, som er statleg finansierte og godkjende av departementet (landslinjer) skal gjennomførast
e.korleis inntak til dei statlege vidaregåande skolane skal gjennomførast.

Den lokale forskrifta kan innehalde utfyllande reglar om inntak av søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1, og som ikkje bur i fylket.

§ 4-6.Inntak til einskilde utdanningsprogram

Fylkeskommunen kan fastsetje at opp til 50 prosent av plassane på vidaregåande trinn 1 på utdanningsprogramma musikk, dans og drama og idrettsfag skal tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng. Det same gjeld ved inntak til utdanningsprogram som er særskilt tilrettelagt for å gjennomførast i kombinasjon med toppidrett.

Fylkeskommunen kan fastsetje at inntak til yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse, og til utdanningsløp som fører fram til praksisbrevprøve, skal fordelast etter poeng og intervju.

0Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.