Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Andre delen – vidaregåande opplæring

Kapittel 8. Skyss og oppfølgingstenesta

(opplæringslova § 9-1 og § 9-4)

§ 8-1.Gratis skyss eller full skyssgodtgjersle i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen skal gi elevar som har rett til skyss etter opplæringslova § 9-1, full skyssgodtgjersle dersom fylkeskommunen ikkje tilbyr gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at eleven skal få dekt alle nødvendige kostnader til skyss til og frå skolen. Eleven og fylkeskommunen skal avklare bruk av transportmiddel så snart som mogleg etter at eleven har fått skoleplass. Dersom det ikkje er mogleg å avklare valet av transportmiddel før skolen tar til, må fylkeskommunen likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og nødvendige skysskostnadene eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.

Når det er avtalt bruk av privat framkomstmiddel, gjeld statens satsar for skattefri kilometergodtgjersle. Faste og variable dokumenterte kostnader utover den faste satsen, mellom anna til bompengar, ferjeturar og parkering, skal også dekkjast. Satsane for tillegg for passasjerar gjeld ekstra passasjerar som har rett til skyss eller rett til reisefølgje.

Heimfylket har ansvar for å refundere utgifter til skyss for elevar som får vidaregåande opplæring i ein annan fylkeskommune.

§ 8-2.Rabattordning som alternativ til gratis skyss, eller full skyssgodtgjersle i vidaregåande opplæring

For område som har eit godt utbygd kollektivtilbod, kan fylkeskommunen gi forskrift om ei rabattordning med subsidierte reisekort for ungdom framfor å tilby gratis skyss eller full skyssgodtgjersle etter opplæringslova § 9-1 første og andre ledd.

Dersom fylkeskommunen fastset ei slik rabattordning, skal prisen vere under 50 prosent av prisen på eit vanleg månadskort for vaksne. Ordninga skal gjelde reiser til skole, arbeid og fritidsaktivitetar heile skoleåret.

Forskrifta kan gjelde for opp til eitt år om gongen.

§ 8-3.Oppgåvene til oppfølgingstenesta

Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta

a.ha fortløpande oversikt over alle i målgruppa for oppfølgingstenesta og aktuelle tilbod til desse
b.gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har
c.etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging
d.etter behov følgje opp ungdommar som tar imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, med rettleiingssamtalar.

Foreldra til ungdommar som ikkje er myndige, skal ha same informasjon etter første ledd bokstav b med mindre informasjonen er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.