Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Fjerde delen – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Kapittel 15. Individuell vurdering for vaksne

I. Generelle reglar

§ 15-1.Verkeområde

Kapittelet gjeld for deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

Vaksne deltakarar som er tatt inn til vidaregåande opplæring etter opplæringslova kapittel 5, skal ha vurdering etter kapittel 9.

For vaksne deltakarar som får opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 7, eller som ikkje er formidla til læreplass, jf. opplæringslova § 18-6, gjeld reglane om vurdering i kapittel 9 del VIII og § 9-5, § 9-6, § 9-48 og § 9-54 fjerde ledd. Vaksne deltakarar skal elles ha vurdering etter dette kapittelet.

§ 15-2.Formålet med og grunnlaget for vurdering i fag og modular

Reglane om formålet med og grunnlaget for vurdering i fag i 9-1 gjeld for vaksne deltakarar. Reglane gjeld også for vurdering i modular så langt dei passar.

§ 15-3.Karakterar i fag og modular

Reglane om karakterar i fag i § 9-3 gjeld for vaksne deltakarar og for karakterar i modular så langt dei passar.

Departementet kan likevel fastsetje i læreplanen i eit fag eller ein modul at uttrykka «godkjend» og «ikkje godkjend» eller «låg måloppnåing», «middels måloppnåing» og «høg måloppnåing» skal brukast. Uttrykka skal vise til desse gradane av ferdigheit hos dei vaksne deltakarane:

a.godkjend: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget eller modulen
b.ikkje godkjend: svært låg kompetanse i faget eller modulen
c.låg måloppnåing: låg eller svært låg kompetanse i faget eller modulen
d.middels måloppnåing: nokså god eller god kompetanse i faget eller modulen
e.høg måloppnåing: mykje god eller framifrå kompetanse i faget eller modulen.

I realkompetansevurderinga skal ein berre bruke uttrykka «godkjend» eller «ikkje godkjend». Det gjeld både godkjenning av heile faget eller modulen og godkjenning av delar av faget eller modulen. I fag eller modular som etter tilbodsstrukturen normalt har opplæring i bedrift, skal godkjend realkompetanse reknast som tilfredsstillande eller god kompetanse. I andre fag eller modular skal godkjend realkompetanse reknast som tilsvarande karakteren 2 eller betre.

§ 15-4.Varsling om at karakteren kan falle bort

Reglane om varsling om at karakteren kan falle bort i § 9-7 første ledd gjeld for vaksne deltakarar. I førebuande opplæring for vaksne skal ein deltakar også varslast dersom det er fare for at midtveisvurdering i modul eller modulkarakter fell bort.

Varselet skal gi den vaksne deltakaren høve til å få karakter i fag og modular.

§ 15-5.Realkompetansevurdering

Med realkompetansevurdering skal ein utan bruk av tradisjonelle prøveordningar avgjere om realkompetansen til ein vaksen deltakar kan reknast som likeverdig med den kompetansen ein får gjennom grunnopplæringa. Realkompetansen skal vurderast ut frå kompetansemåla i læreplanane i faga eller modulane.

Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at realkompetansevurderinga blir gjennomført på forsvarleg grunnlag og så snart som mogleg. Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk og samisk.

§ 15-6.System for føring av karakterar

Reglane om system for føring av karakterar i § 9-9 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.

Reglane om fråvær gjeld ikkje for vaksne deltakarar.

§ 15-7.Dispensasjon frå reglane om individuell vurdering

Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle innvilge søknader om dispensasjon frå reglane i dette kapittelet.