Verktøylinje
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Opplæringsforskrifta
-
Første delen – grunnskoleopplæring (§§ 1-1 - 3-3)
-
Kapittel 1. Innhaldet i grunnskoleopplæringa (§§ 1-1 - 1-12)
- § 1-1. Læreplanverket
- § 1-2. Opplæring i og på samisk
- § 1-3. Opplæring i og på norsk teiknspråk
- § 1-4. Opplæring i punktskrift m.m.
- § 1-5. Forsterka opplæring i norsk
- § 1-6. Tid til eksamen og eksamensførebuing
- § 1-7. Fysisk aktivitet på 5. til 7. trinn
- § 1-8. Valfag på 8. til 10. trinn
- § 1-9. Opplæring i framandspråk, fordjuping, eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- § 1-10. Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- § 1-11. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
- § 1-12. Forsering av fag
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Del dokument
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
Fjerde delen – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne
Kapittel 13. Inntak og formidling til vidaregåande opplæring for vaksne
(opplæringslova § 7-7 tredje ledd, § 18-3 siste ledd, § 18-8)
§ 13-1.Kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Ved vurdering av om vilkåra i opplæringslova § 18-3 om fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring er oppfylte, gjeld § 4-1 tilsvarande.
🔗Del paragraf§ 13-2.Opplæringstilbodet i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Søkjarane skal ikkje få tilbod om opplæring i heile fag eller modular som dei har fått godkjende gjennom realkompetansevurderinga. Søkjarane kan velje om dei vil bruke tilbod om formalisering av kompetansen eller få inntak til eit opplæringstilbod som gir éin av tre sluttkompetansar, jf. opplæringslova § 18-3 andre ledd.
🔗Del paragraf§ 13-3.Søknad om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne
Søkjarar til vidaregåande opplæring for vaksne kan søkje fortløpande og må bruke det søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen. Søkjarane må føre opp tre sluttkompetansar som dei ønskjer innanfor det fylkeskommunen tilbyr, i prioritert rekkjefølgje.
Søkjarane skal sende søknaden til den fylkeskommunen der dei er folkeregistrerte når dei sender søknaden. Søkjarar som kan dokumentere at dei skal flytte, sender søknaden til den fylkeskommunen dei skal flytte til.
🔗Del paragraf§ 13-4.Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne
Fylkeskommunen skal fortløpande behandle søknader om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne og gjennomføre realkompetansevurdering for vaksne. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal innan rimeleg tid gi søkjarane eit tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.
Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar i denne rekkjefølgja:
Dersom fylkeskommunen skal ta inn søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, skal dei takast inn etter søkjarane i andre ledd.
🔗Del paragraf§ 13-5.Realkompetansevurdering ved inntaket til vidaregåande opplæring for vaksne
Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar som har rett til realkompetansevurdering etter opplæringslova § 18-8, får vurdert og dokumentert realkompetansen sin når dei har søkt om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne.
I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 15-5. Søkjaren kan få godkjent heile eller delar av fag, modular eller skoleår.
Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet og skal gå fram av avgjerda om inntak.
🔗Del paragraf§ 13-6.Formidling av vaksne til læreplass
Fylkeskommunen skal formidle vaksne som har rett til læreplass etter opplæringslova § 18-6.
Reglane i § 7-2, § 7-7 og § 7-8 gjeld ved formidling av vaksne til læreplass.
🔗Del paragraf