Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Første delen – grunnskoleopplæring

Kapittel 3. Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen og saksbehandling ved godkjenning av privat grunnskole

(opplæringslova § 15-2 andre ledd og § 22-1)

§ 3-1.Kven som har rett til å røyste om skifte av hovudmål

Rett til å røyste om skifte av hovudmål i grunnskolen har alle som oppfyller desse tre vilkåra:

a.Dei bur i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 2-6.
b.Dei har røysterett etter valgloven § 2-2.
c.Dei står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen den 30. dagen før røystemøtet.

Røysterett har også foreldre til

a.barn på 1. til 7. trinn ved skolen
b.barn som er tildelte skoleplass på 1. til 7. trinn ved skolen.

Kravet om å komme med som røystefør forelder må vere levert til eller fremja for kommunen seinast tre veker etter at røystinga er kunngjort første gong.

§ 3-2.Organisering av røystinga om skifte av hovudmål

Kommunen skal fastsetje tid og stad for røystinga og sørgje for å kalle inn dei røysteføre med minst fire vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om

a.kva røystinga gjeld
b.kven som har røysterett
c.når og kvar røystinga skal haldast
d.når og kvar førehandsrøystinga skal haldast.

Røystinga skal vere skriftleg.

Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.

§ 3-3.Saksbehandlingsfrist ved søknad om godkjenning av privat grunnskole

Fristen for å behandle søknader om godkjenning av privat grunnskole etter opplæringslova § 22-1 er fire månader. Fristen blir rekna frå den dagen nødvendig dokumentasjon har komme inn til Utdanningsdirektoratet, jf. tjenesteloven § 11 første ledd første punktum.

Sjølv om fristen er ute, skal ikkje godkjenning bli rekna som gitt, jf. tjenesteloven § 11 andre ledd.