Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Andre delen – vidaregåande opplæring

Kapittel 4. Inntak til vidaregåande opplæring

III. Vilkåra for og rekkjefølgja ved inntak til vidaregåande opplæring trinn 1 til trinn 3

§ 4-12.Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 1

Søkjarar som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring i tråd med § 4-1, skal takast inn til vidaregåande trinn 1.

§ 4-13.Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3

Søkjarar som har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på vidaregåande trinn 1, skal takast inn til vidaregåande trinn 2. Søkjarar som også har bestått alle faga på programområdet på vidaregåande trinn 2, skal takast inn til vidaregåande trinn 3. Kravet om bestått gjeld også i dei faga der det berre blir gitt halvårsvurdering med karakter på det aktuelle trinnet.

Følgjande søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak etter første ledd, kan likevel takast inn til neste trinn dersom fylkeskommunen etter ei samla vurdering finn at det er forsvarleg ut frå dei faglege føresetnadene:

a.søkjarar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter opplæringslova § 11-6, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå vidaregåande trinn 1 eller trinn 2
b.søkjarar som planlegg å følgje vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål
c.søkjarar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag.

For søkjarar som fell inn under andre ledd bokstav a og b, skal fylkeskommunen leggje vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjarane.

Søkjarar som ikkje kan takast inn etter bokstav c, kan i særskilde tilfelle takast inn til neste trinn i mindre enn eit fullstendig programområde.

Fylkeskommunen kan også ta inn søkjarar som har gjennomført vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller er utan samanliknbart karaktergrunnlag, dersom fylkeskommunen vurderer at søkjarane har tilsvarande kompetanse og at opplæringa er likeverdig i omfang.

Fylkeskommunen kan i særskilde tilfelle ta inn andre søkjarar dersom det ligg føre tungtvegande grunnar, og søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn.

§ 4-14.Rekkjefølgja ved inntak til vidaregåande trinn 1 til trinn 3

Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring som er folkeregistrerte i fylkeskommunen, også dei som er nemnde i § 4-8 andre ledd, i denne rekkjefølgja:

a.dei som har fortrinnsrett etter § 4-21 til § 4-23 og § 4-27 til § 4-28
b.dei som konkurrerer på poeng etter § 4-19 og § 4-25, og dei som skal behandlast individuelt etter § 4-20 og § 4-26.

Søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram eller programområde skal takast inn før andre søkjarar.

Dersom det er ledig kapasitet, skal fylkeskommunen deretter ta inn søkjarar frå andre fylke som har rett til opplæring etter opplæringslova § 5-1. Fylkeskommunen skal først ta inn dei som kan dokumentere at det er særlege pedagogiske eller sosiale grunnar til at dei bør gå på skole i eit anna fylke, og dei som har rett til opplæring i eller på samisk og må gå på skole i eit anna fylke for å få denne opplæringa. Fylkeskommunen skal deretter ta inn andre søkjarar som konkurrerer på poeng. Andre ledd gjeld tilsvarande.

§ 4-15.Rekkjefølgja ved inntak til statlege skolar

Kvar søkjaren er folkeregistrert, har ingenting å seie for rekkjefølgja ved inntaket til desse skolane:

a.Samisk videregående skole i Karasjok, Sámi joatkkaskuvla Kárášjogas
b.Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino, Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu
c.statens skolar med utdanningsprogram for naturbruk.

Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar ved dei vidaregåande statlege skolane i Karasjok og Kautokeino, har samiske søkjarar fortrinnsrett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska sine ved dei statlege vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino, går elles føre søkjarar som kan få oppfylt fagønska sine ved ein annan skole.

§ 4-16.Rekkjefølgja ved inntak til landslinjer

Kvar søkjaren er folkeregistrert, har ingenting å seie for rekkjefølgja ved inntaket til landslinjer.

§ 4-17.Opplæringsløp på skolar med opplæring i og på norsk teiknspråk

Søkjarar som er tatt inn på ein skole med opplæring i og på norsk teiknspråk med tilrettelagde opplæringstilbod for døve elevar og elevar med sterk nedsett høyrsel, skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen dei først er tatt inn på.