Verktøylinje
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Opplæringsforskrifta
-
Første delen – grunnskoleopplæring (§§ 1-1 - 3-3)
-
Kapittel 1. Innhaldet i grunnskoleopplæringa (§§ 1-1 - 1-12)
- § 1-1. Læreplanverket
- § 1-2. Opplæring i og på samisk
- § 1-3. Opplæring i og på norsk teiknspråk
- § 1-4. Opplæring i punktskrift m.m.
- § 1-5. Forsterka opplæring i norsk
- § 1-6. Tid til eksamen og eksamensførebuing
- § 1-7. Fysisk aktivitet på 5. til 7. trinn
- § 1-8. Valfag på 8. til 10. trinn
- § 1-9. Opplæring i framandspråk, fordjuping, eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- § 1-10. Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- § 1-11. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
- § 1-12. Forsering av fag
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Del dokument
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
Tredje delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge
Kapittel 9. Individuell vurdering
V. Eksamen
§ 9-25.Om eksamen
Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 9-1. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise kompetansen sin i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
I læreplanen i kvart fag er det fastsett om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingsdel på eksamen i faget, og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt.
Om ikkje noko anna er fastsett, gjeld reglane i del V om eksamen også for dei som etter læreplanverket skal ha eksamen som lærling, praksisbrevkandidat, kandidat for fagbrev på jobb eller praksiskandidat.
🔗Del paragraf§ 9-26.Ansvaret for eksamen
Ved sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og fastsetje sensurordningane, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget.
Ved lokalt gitt eksamen har kommunen eller fylkeskommunen ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og gjennomføre sensur, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglæraren skal utarbeide forslag til oppgåver.
Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre alle eksamenar og for å trekkje ut elevar til eksamen. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å trekkje ut elevar med opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen til eksamen. Kommunen og fylkeskommunen må sørgje for at det er rett elev eller privatist som møter til eksamen.
Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å gi elevane informasjon om eksamen og om kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har dessutan ansvaret for at privatistane får tilgang til slik informasjon.
Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag.
🔗Del paragraf§ 9-27.Oppmelding til eksamen
Utdanningsdirektoratet skal fastsetje fristar og rutinar for oppmelding til eksamen.
Alle elevar som deltar i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen, skal bli melde opp til eksamen av skolen.
Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg opp til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmeldinga skjer til skolen.
Lærlingar og kandidatar for fagbrev på jobb blir melde opp til eksamen av lærebedrifta.
Privatistar må sjølve melde seg opp til eksamen ved den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset.
Privatistar kan berre melde seg til same eksamen éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen fastset, avgjer om oppmeldinga kan godkjennast. Privatistar skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Privatistar skal ikkje betale for utsett og ny eksamen.
🔗Del paragraf§ 9-28.Eksamensformer, tidsramme og trekk av elevar til eksamen
I læreplanen i kvart fag er det fastsett kva form eksamen skal ha, og om eksamen skal dekkje eitt eller fleire fag. Den fastsette eksamensforma kan vere skriftleg, munnleg, praktisk eller ein kombinasjon av desse formene. Det er også fastsett i læreplanen i kvart fag om det skal trekkjast ut berre nokre elevar til eksamen, eller om alle kandidatane skal ha eksamen i faget.
Kven som er trekte ut til eksamen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.
Elevar som får meir opplæring etter § 5-2, skal ikkje trekkjast ut i det faget dei får meir opplæring i dersom dei har bestått alle nødvendige eksamenar i samsvar med læreplanverket, jf. § 9-30, § 9-31 og § 9-46.
Med mindre noko anna følgjer av læreplanen i faget, er tidsramma for eksamensformene
Skriftleg eksamen skal starte klokka 09.00 norsk tid. Kandidatar som ikkje har møtt når eksamen startar, skal likevel få gjennomføre eksamen dersom dei møter før klokka 10.00, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid.
§ 9-29.Talet på eksamenar i grunnskolen
I grunnskolen skal alle elevar trekkjast ut til éin sentralt gitt skriftleg eksamen og éin lokalt gitt munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.
Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. § 1-12, skal vere med i uttrekket til eksamen i dette faget det skoleåret dei avsluttar opplæringa i faget. Dersom elevane blir trekte ut til eksamen, kjem denne i tillegg til dei andre eksamenane elevane skal ha i grunnskolen.
🔗Del paragraf§ 9-30.Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 3 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
§ 9-31.Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag.
På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag.
På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag.
På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
§ 9-32.Førebuingsdel
Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane og privatistane på utfordringar dei kan møte på eksamen. Det som skal vurderast, er den kompetansen elevane og privatistane viser på eksamensdagen. Det går fram av læreplanen i kvart fag om det skal vere førebuingsdel på eksamen.
Ved munnleg eksamen varer ein førebuingsdel i 24 timar.
Ved andre eksamenar kan ein førebuingsdel vare frå 24 til 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, fastset kor lenge ein eventuell førebuingsdel skal vare innanfor denne ramma.
🔗Del paragraf§ 9-33.Sensur av eksamenssvar
Alle eksamenssvar skal vurderast av to sensorar.
Ved sentralt gitt eksamen skal begge sensorane vere eksterne. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal ein oppmann eller ei oppkvinne avgjere karakteren.
Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Faglæraren skal vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal den eksterne sensoren avgjere karakteren. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at sensor har tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.
§ 9-34.Særskild tilrettelegging av eksamen
Elevar og privatistar har rett til særskild tilrettelegging av eksamen dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt elev eller privatist så langt det er mogleg, men eleven eller privatisten må bli prøvd i kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre eksamenskandidatar.
Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.
Elevar og privatistar må søkje kommunen eller fylkeskommunen om å få særskilt tilrettelagd eksamen. Kommunen eller fylkeskommunen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn.
🔗Del paragraf§ 9-35.Eksamen i utlandet for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring kan søkje Statsforvaltaren i Agder om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet.
Statsforvaltaren i Agder kan innvilge ein slik søknad dersom eleven eller privatisten som søkjer, bur fast i utlandet eller er militært personell stasjonert i utlandet og også desse vilkåra er oppfylte:
Elevar og privatistar som representerer Noreg på høgt nivå på internasjonale arrangement innanfor idrett og annan kultur, kan også få innvilga søknad om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet dersom vilkåra i andre ledd bokstav a–d er oppfylte.
🔗Del paragraf§ 9-36.Utsett eksamen for elevar og privatistar i den vidaregåande opplæringa
Elevar og privatistar i den vidaregåande opplæringa som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til utsett eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.
Elevar og privatistar må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa.
Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell eventuell standpunktkarakter i faget bort.
Dersom elevane består utsett eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
🔗Del paragraf§ 9-37.Ny eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 til ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.
Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort.
Dersom elevane består ny eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
🔗Del paragraf§ 9-38.Særskild eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen.
Retten til særskild eksamen gjeld berre dersom elevane ikkje er trekte ut til eksamen i faget, og gjeld også for fag der det vanlegvis ikkje blir halde eksamen.
Dersom elevane består særskild eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
🔗Del paragraf§ 9-39.Bortvising frå eksamen
Elevar, og privatistar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av eksamen, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.
Rektor sjølv avgjer om elevar skal visast bort. Fylkeskommunen avgjer om privatistar, dei som har læretid i bedrift og praksiskandidatar skal visast bort. Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal den det gjeld få uttale seg om saka.
I vidaregåande opplæring vil elevar og dei som har læretid i bedrift, etter bortvising, ha rett til ny eksamen etter § 9-37. Privatistar og praksiskandidatar som får medhald i ei klage på eit vedtak om bortvising har også rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.
🔗Del paragraf§ 9-40.Annullering av eksamen på grunn av feil ved gjennomføringa
Dersom det er gjort formelle feil ved gjennomføringa av eksamen, eller dersom eksamen av andre grunnar ikkje er avvikla i samsvar med reglane, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
I vidaregåande opplæring har dei som har fått eksamen annullert, rett til ny eksamen etter § 9-37.
Utdanningsdirektoratet skal etter søknad gi dispensasjon frå kravet om bestått eksamen for den eksamenen som er annullert. jf. § 9-46 andre ledd. Slik dispensasjon kan berre gis til elevar, og berre dersom eleven har oppnådd bestått standpunktkarakter i faget.
🔗Del paragraf§ 9-41.Annullering av eksamen når elevar ikkje får standpunktkarakter i faget
Dersom elevar har vore oppe til eksamen i eit fag der dei ikkje får standpunktkarakter, skal kommunen eller fylkeskommunen annullere eksamenen deira. Tverrfagleg eksamen skal berre bli annullert dersom elevane ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.
🔗Del paragraf§ 9-42.Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks
Rektor sjølv skal annullere eksamenen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at eleven har juksa eller forsøkt å jukse. For elevar som får ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren i det aktuelle faget bort.
Fylkeskommunen skal annullere eksamen for privatistar eller dei som har læretid i bedrift dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at dei har juksa eller forsøkt å jukse.
Dei som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.
Den det gjeld skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om eksamen skal annullerast.
Dei som har fått ein eksamen i vidaregåande opplæring annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan gå opp til eksamen på nytt tidlegast eitt år etter at eksamenen blei annullert.
🔗Del paragraf