Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Fjerde delen – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Kapittel 15. Individuell vurdering for vaksne

VII. Dokumentasjon av vidaregåande opplæring for vaksne

§ 15-29.Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne

Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-49, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.

For å få vitnemål gjeld dei same krava som i § 9-46 andre ledd, med unntak av opplæring i kroppsøving, jf. § 14-5. Dette gjeld likevel ikkje for

a.dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 14-4
b.dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16
c.dei som fell under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 15-1, jf. § 9-48
d.dei som har fått dispensasjon etter § 15-7 og § 15-25, jf. § 9-40.

Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i fag. Kompetansebeviset skal i tillegg innehalde modulkarakterar og godkjend realkompetanse i modular.

Reglane i § 9-50 gjeld for deltakarar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring for vaksne.

0Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 15-30.Føring av karakterar i fag og modular på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring for vaksne

Reglane om føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring i § 9-52 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar. Reglane gjeld også for føring av karakterar i modular på kompetansebeviset.

Godkjend realkompetanse i eit heilt fag skal også førast på vitnemålet. Godkjend realkompetanse i ein heil modul skal i tillegg førast på kompetansebeviset.

Dersom ein vaksen deltakar har fått godkjent berre delar av eit fag eller ein modul gjennom realkompetansevurderinga, skal det setjast inn ein merknad om det. Kva for kompetansemål som er nådde, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

§ 15-31.Ansvar for å utferde vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring for vaksne

Det er fylkeskommunen der den vaksne deltakaren fullfører og består opplæringa, som skal utferde vitnemål. Dersom den vaksne deltakaren treng nytt vitnemål, er det den fylkeskommunen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde vitnemålet på nytt.

Reglane om ansvaret for å utferde vitnemål og kompetansebevis i § 9-54 gjeld elles så langt dei passar for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne.

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for å utferde kompetansebevis for vaksne deltakarar.