Elin Stueland, opphavleg frå Jæren, har blitt lagd merke til i mediebransjen med sitt engasjement for digitalisering og kunstig intelligens (KI). Med ein bachelorgrad i journalistikk frå Gimlekollen Mediehøgskole, no NLA Høgskolen, har ho vore ein del av Stavanger Aftenblad sidan 2006 og har no innteke rolla som KI-prosjektleiar. I dette intervjuet deler Stueland sine erfaringar, syn på medieframtida og råd til unge som vurderer ein karriere innanfor journalistikk.
Korleis har overgangen frå studia til di noverande stilling vore?
â Eg byrja pÃ¥ Gimlekollen Mediehøgskole (NLA Høgskolen), der eg fekk eit solid fundament i journalistikk, med særleg vekt pÃ¥ etikk. Dette har alltid vore ein hjørnestein i arbeidet mitt, spesielt no i ei tid der det er sÃ¥ lett Ã¥ produsere og spreie falsk informasjon. Etter fleire Ã¥r med utvikling og digitalisering blei eg utpeikt til KI-prosjektleiar. Eg brenn for Ã¥ gjere KI til eit nyttig verktøy for journalistar, noko som kan forbetre arbeidsprosessane vÃ¥re.
Stueland fortel at ansvaret hennas er å innføre effektive KI-verktøy i redaksjonen og å utforske og finne nye måtar å bruke KI på for å formidle journalistikk.
â Dette inkluderer opplæring av kollegaene mine i KI-konsept og utvikling av produkt som kan effektivisere journalistiske oppgÃ¥ver. Vi har mellom anna utvikla skreddarsydde GPT-ar som kan handtere spesifikke oppgÃ¥ver, som Ã¥ generere sitat og utføre sprÃ¥kvask. Eg ser pÃ¥ KI som ein assistent, ikkje som ei erstatning for den journalistiske rolla.
Stueland fortel at KI-arbeidet i Schibsted heiter AI Task Force, og dette samarbeidet har dei med redaksjonar både i Noreg og Sverige, inkludert VG, Aftonbladet og Svenska Dagbladet. Dette samarbeidet fungerer som ei plattform for erfaringsutveksling og diskusjon av utfordringar og løysingar. Det er alltid inspirerande å samarbeide med tidlegare medstudentar og kollegaer i det breie norske fellesskapet, legg ho til.
Kva ser du som dei største utfordringane journalistikken står overfor i dag?
â Tillit er ei av dei mest presserande utfordringane vi stÃ¥r overfor. I ei tid der det er sÃ¥ enkelt Ã¥ skape falskt innhald, er vÃ¥r rolle som etablerte og seriøse medieinstitusjonar viktigare enn nokosinne. Folk mÃ¥ vite kven vi er, og stole pÃ¥ at vi leverer innhald av høg kvalitet og innhald som er til Ã¥ lite pÃ¥. Vi kan skape engasjement, men det krev at publikum har tillit til oss.
Kva råd vil du gje til unge som vurderer ei utdanning innanfor journalistikk?
â Det viktigaste for meg er Ã¥ vere ein aktør som utgjer ein forskjell, anten det er for enkeltmenneske eller samfunnet som heilskap. Journalistikk gjev deg moglegheita til Ã¥ stille spørsmÃ¥l og vere kreativ, og eg har fordjupa meg i teknologi og digitalisering av journalistikken. For meg er dette ein av dei mest spennande jobbane ein kan ha!
























































































