Eg meiner tilbodet er betre enn på lenge – ikkje minst gjeld dette faktabøker for yngre lesarar.
Her er ei liste med nokre av dei verkeleg gode barne- og ungdomsbøkene eg har lese i år.
Aldersmarkeringa må de ta med ei klype salt. Men vi rangerer frå yngst til eldst.
📚 Minst (3-6 år) 📚
For full musikk

- Tittel: «Orkesteret»
- Forfattar: Per Dybvig
- Forlag: Aschehoug
Her er ei bok for både auge og øyre. Og då tenkjer eg ikkje berre på den vaksne som skal lese boka høgt. For boka om orkesteret formeleg struttar av musikk.
Det opnar med Fink, den vesle raringen som finn ein trompet på loftet. Åh, så fint det blir når han spelar! Og sjå om det ikkje dukkar opp fleire musikantar.
Aller finast blir det når dei spelar saman. Eller?

Per Dybvig har ein lun, inviterande og filosofisk tilnærming til småbarnslivet.
Historia har ein velkjend og repeterande struktur, slik som barn set pris på, samstundes som ho nærmar seg det grenselause, reint visuelt.
Ei kul bok med masse energi og glede.
Raus faktabok
- Tittel: «Hvordan er det å være barn»
- Forfattar: Anna Fiske
- Forlag: Cappelen Damm
I år fekk ho heidersprisen frå den norske Bragejuryen. Det var på tide. Anna Fiske er ein fabelaktig illustratør og forfattar som ikkje minst har nådd ut til takksame lesarar med «Hvordan»-bøkene sine.
I denne femte boka i serien kjenner vi att dei stygg-morosame teikningane hennar, og dei trygge, inkluderande tankane.
Fiske sitt mantra er at alle barn er like mykje verdt og at dei alle treng mykje kjærleik. Dei skal vite at dei er elska. Og kva er vel betre enn det?
Boka står kan hende i fare for å bli vel moralsk insisterande. Den insisteringa rettar seg mest mot dei vaksne, som kan ha godt av ei påminning.
Forlaget meiner boka passar for barn mellom tre og seks år. Reint språkleg trur eg ho går minst like bra heim hjå dei litt eldre.
Skremsle og latter

- Tittel: «Snille krokodille»
- Forfattar: Leo Timmers, omsett av Hedda Vormeland
- Forlag: Omnipax
Kven seier at smårollingar ikkje har humor? Og kven seier at dei ikkje må skremmast (litt)?
«Snille krokodille» er ei herleg enkel bok som kan minne om den suksessrike «Gruffalo», for dei som hugsar den.
Eitt etter eitt spring dyra på savannen til den snille krokodillen for å få vern frå eit farleg dyr som jagar dei. Og den snille krokodillen skremmer dei slemme vekk.
Men er det no så sikkert at krokodillen berre er snill?
Med få ord, men med desto meir talande bilete, klarar nederlandske Leo Timmers å fremje både språkkjensle og eksistensiell undring i små og store.
Bravo!

📚 Mellomst (6-12 år) 📚
Finfin høgtlesingsbok
- Tittel: «Oskar og eg. Alle tinga vi har»
- Forfattar: Maria Parr
- Illustratør: Åshild Irgens
- Forlag: Samlaget
Det skal godt gjerast å ikkje kjenne på ein grunnleggande tryggleik i møte med tekstane til Maria Parr.
Universet hennar er det heilt nære og kvardagslege. Her er vaksne som rett nok kan vere irriterande av og til. Men alle vil kvarandre vel.
Det er Ida, ni år, som fortel historia. Oskar er veslebror hennar. Han er ein kar med fart i rumpa, og det er oftast han som står for rabalderet i heimen.
Ja, her er fart, men også ein unik varme som spreier seg gjennom heile boka.
Illustrasjonane til Åshild Irgens underbyggjer den gode kjensla.
Dette er andre boka om søskenparet. Kvart kapittel inneheld ei avslutta historie. Slik sett høver boka bra for høgtlesing på sengekanten.
Midt i blinken om kjæledyr
- Tittel: «Den store boka om kjæledyr»
- Forfattar: Gøril Sæther
- Illustratør: Oda Valle
- Forlag: Aschehoug
Dette er ei faktabok etter mitt hjarte.
Kjæledyrboka er ein særs kommunikativ, inviterande og informerande bok om eit tjuetals dyr ein kan finne i norske heimar.
Den gjennomillustrerte og fargerike boka tek lesarane med på laget. For korleis skal ein overtale foreldra sine til å få ein katt, ein hund eller kanskje ein ilder?

Oda Valle har illustrert dei vakre dyra i «Den store boka om kjæledyr».
Foto: Oda ValleHer kjem tips til kva ein bør leggje vekt på, og kva for slags utfordringar ved dyrehaldet ein helst bør unngå å nemne når ein masar på dei vaksne.
Sæther og Valle presenterer fakta i små rammer, i oversiktlege lister eller smarte snakkebobler. Vi lærer om dyrespråk, om kosefaktor og historikk. Og her er flust med artig trivia.
Dette er ei bok for alle som er glade i dyr, nysgjerrige på dyr, eller som berre vil skaffe seg meir kunnskap om menneska sine beste vener.
Elgevilt
- Tittel: «Elggutten»
- Forfattar: Aleksander K. Brown
- Illustratør: Andreas K. Iversen
- Forlag: Omnipax
David hatar elgjakt. Men far hans vil gjerne ha han med. Noko verre enn å sitte og vente i skogen kan ikkje David tenkje seg.
Men det skal bli verre. For etter at han blir biten av ein elg (!), byrjar det å vekse horn og klovar på David. Han er blitt ein hamløpar! No tek historia av.
Brown skriv fram farefulle og jamvel pinlege scener.

Det er nok av elgeville teikningar i boka til Aleksander Brown.
Illustrasjon: Andreas IversenIkkje minst Andreas K. Iversens illustrasjonar skapar forrykande dramatikk. Her er ingen subtile grep, ein blir aldri i tvil om kven som er heltar eller skurkar i forteljinga.
Men gjer det noko?
Det er fartsfylt, tullete og elgevilt.
Pengar er ikkje alt
- Tittel: «Finn fem feil»
- Forfattar: Ida Tufte Michelsen
- Forlag: Aschehoug
Vi er mange som ber på ein draum om å ha flust med pengar. Men vil vi bli rike for ein kvar pris?
Om Ida Tufte Michelsen opnar boka med vel sjablongaktige personar, så tek forteljinga raskt ein kvikk og spanande vending.
Finn er av dei som har pengar nok. Men det er før faren vert arrestert. Kva har faren gjort?
Finn viklar seg inn i eit kriminelt nettverk i forsøket på å hjelpe faren. Slik vert boka ein skikkeleg thriller der både moral, forbrukarjag og miljøvern får plass utan at det blir moralistisk av den grunn.
Tufte Michelsen gir også relasjonsromanar ein heilt ny og uhøgtideleg tyding.
«Finn fem feil» er ein treffande tittel på ein forteljing som veks medan du les.
Det var ei gong eit barn
- Tittel: «Barnas verdshistorie»
- Forfattar: Erna Osland
- Illustratør: Victoria Sandøy
- Forlag: Skald
Hugsar du den franske animerte TV-serien «Det var ei gong eit menneske»? Den som starta med Bachs mektige Toccata og fuge i d-moll?
Den same kjensla av å vere del av den store historia kan du få av å lese denne boka.

Ho syner korleis barn opp gjennom åra har vore jegerar og sankarar, slavar og arbeidarar. Og oppdagarar.
Når såg ein for fyrste gong på barn som noko anna enn ein liten vaksen?
Når fekk barn særeigne rettar – og juridisk vern?
Til å vere ei verdshistorie er dette ei kort bok.
Kan hende hadde det vore lurt å gå djupare inn i nokre av einskild-lagnadene til barna. Då hadde også illustratør Victoria Sandøy hatt meir å spele på. Bileta hennar blir litt stiliserte, særleg dei som skildrar periodane før vår tidsrekning.
Som oversiktsverk er dette okke som eit flott prosjekt.
Boka vart heidra med Brageprisen for beste sakprosabok for barn og ungdom tidlegare i haust.
Legendariske tjuveri
- Tittel: «Håndbok for mestertyver»
- Forfattar: Nora Evensmo Hvistendahl
- Illustratør: Bård Sletvold Torkildsen
- Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Kor ofte blir ein barnebokforfattar henta inn i nyhendesendingane som ekspert?
Det skjedde i haust, då Nora Evensmo Hvistendahl fekk det travelt med å kommentere det spektakulære smykketjuveriet i Louvre.
Boka hennar er ein liten skatt i seg sjølv, spanande, medrivande og informativ.
Her kan vi lære om dei største tjuveria opp gjennom historia og få tilgang til korleis ein meistertjuv tenkjer og førebur seg.

Språket er lett og underhaldande. I blant er forfattaren på kanten til å overdrive platte ordspel, men det funkar.
Bård Sletvold Torkildsen nyttar eit heilt smykkeskrin (!) av ulike format, som oversiktsbilete over ein åstad, nærbilete av ranarar, portrett av røvarar eller teikneserieruter. Tommel opp!
Du og eg
- Tittel: «Bare si ja»
- Forfattar: Nora Dåsnes
- Forlag: Aschehoug
Det er sommarferie og Tuva skal på korpstur. Med på turen er også Mariam. Korleis skal Tuva få spurt ho om ho vil vere kjærast og ikkje berre venn? Og kva betyr det eigentleg å vere kjærast når du er tolv år gamal?
Dåsnes skriv intenst om å vere usikker, sjalu, glad, sint og forelska.
Dei sterke kjenslene kjem sanneleg og til syne gjennom små teikneserieruter med snakkebobler, store nærbilete eller oppslag der naturen der ute speglar stemninga der inne, nær Tuva sitt hjarte.
På overtydande vis greier Nora Dåsnes å fange den gryande puberteten. Det er sårt, vondt og vakkert.
Dette er den tredje teikneserieboka om Tuva. Boka står på eigne bein, men har same persongalleri som den sterke «Ti kniver i hjartet» og «La skogen leve!» som kom for tre år sidan.
Ein norsk Harry Potter

- Tittel: «Villdyr. Under røttene»
- Forfattar: Håkon Marcus
- Forlag: Aschehoug
Dette er andre boka om 14 år gamle Embla Villseid, som brått kjem over i ei parallell verd. Vil ho klare prøva, så ho kan bli eit fullverdig medlem av dette fantastiske samfunnet av hamløparar, altså menneske som også kan skifte til dyr?
Det ligg mykje Harry Potter-inspirasjon i denne serien, som slett ikkje står noko tilbake for Rowlings magiske bøker. Håkon Marcus er oppfinnsam og smart. Han legg akkurat passe dramatikk i forteljinga til at ho ikkje blir heseblesande eller overflatisk.
Som alle gode fantasybøker inneheld ho også ein dose samfunnskritikk. Språkleg er boka ei fryd, full av fantasifulle innfall.
Avslutninga er urovekkande og syner at soga så langt ifrå er slutt.
📚 Størst (12-16 år) 📚
Ei gåvepakke
- Tittel: «Verdens største fortellinger»
- Forfattar: Haddy Njie
- Illustratør: Michelle Tolo
- Forlag: Kagge Forlag
Då eg var lita, elska eg ei bok så mykje at eg lånte ho på biblioteket gong etter gong.
«Steppeeventyr» var ein del av Tiden forlag sin serie med eventyrbøker frå mange land. Som eg koste meg med framande land og fantasirike hendingar!
Mange forfattarar, mellom anna den uforliknelege Tor Åge Bringsværd, har tatt vare på og vidareformidla gamle mytar, legender og religiøse forteljingar.
No har Haddy Njie valt eit knippe av sine favorittar og gitt dei sitt språk og si utforming.
Det er blitt ei nydeleg bok, der det eventyrlege er framifrå tatt vare på av illustratøren Michelle Tolo.
Historiene er inviterande fortalde, anten dei opphavleg kjem frå Japan, Midtausten, Norden eller Amerika. Her er historier vi kan kjenne att frå norrøn mytologi, Gilgamesj eller Det Gamle Testamentet.

Eg likar godt verdskartet i starten av boka og tidslina for når historiene først dukka opp bakarst i boka.
Dette er ei praktbok som eignar seg like godt for eigen lesing som for høgtlesing i familien.
Kven er eg?
- Tittel: «Jonas Eide går på vannet»
- Forfattar: Birgitte Rustad Wegener
- Forlag: Vigmostad & Bjørke
Forelsking og fiasko er faste ingrediensar i bøker for ungdom. Det skal gå riktig gale her også.
Det er snart slutt på ungdomsskulen, og Jonas må finne ut av kva han vil gjere vidare. Han er saman med Sofie, men så dukkar Jessica opp. Ho er annleis enn dei andre. Ho er kristen og driv med teater.
Det kan sjå ut som om det må gå gale uansett kva eller kven Jonas vel. Men er det opp til han å velje?
Birgitte Rustad Wegener har sans for dramatiske scener og pinlege settingar. Her er og plass til meir filosofiske funderingar hjå ein gut på jakt etter seg sjølv.
Skakande og suveren
- Tittel: «Du eneste»
- Forfattar: Hilde Hagerup
- Forlag: Gyldendal
Å skrive ein roman basert på verkelege personar, er ikkje lett. Men det klarer Hilde Hagerup med bravur.
Her er historia om norske Gunvor Hofmo og austerrikske Ruth Maier som forelska seg i kvarandre då Ruth kom til Noreg som jødisk flyktning rett før andre verdskrigen.
Korleis kan dei drøyme om ei framtid i fridom og kjærleik når fascismen ligg som eit torevêr i horisonten?
For Ruth enda draumen i eit gasskammer i Auschwitz.
For Gunvor, som vart ein av Noregs tydelegaste forfattarar etter krigen, vart sorga og angsten følgjevenar resten av livet.
«Du eneste» er ei brutal bok, ikkje utan band til vår eigen tid. Om ho er aldri så mørk, ber ho også på eit håp om at unge menneske alltid vil finne kvarandre.
Brutalt om overgrep

- Tittel: «Før det blir morgon»
- Forfattar: Aina Basso
- Forlag: Samlaget
Året er 1733. Josefa, femten år, skal vere tenestejente på ein storgard på andre sida av fjorden. Faren ror henne over.
Kan hende vert arbeidet hardt, og Josefa har forplikta seg til å vere eit år. Det ho ikkje hadde rekna med, er husbonden sine nattlege visittar.
Ein kan trekkje på skuldrene og tenkje at her er nok ei bok om jenter som hamnar i ulukka.
Ein kan og tenkje at jammen er det godt at nokon skriv om ein lagnad som har ramma så mange kvinner opp gjennom historia, og som framleis, altfor mange stader på jorda, legg skam, skuld og straff på kvinner som har vore utsette for overgrep.
Basso skriv reflektert om rett og gale, om dei som har makt og om dei som ikkje har.
Dette er ein vond, men ikkje desto mindre god ungdomsroman.
Bøker er ikkje ferskvare! Her finn du gode tips frå i fjor:
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Les gjerne saka mi om Emil i Lønneberget. Sjå kva eg skriv om «Du eneste» av Hilde Hagerup eller «Du er hjemme nå» av Per Petterson. Tips til gode barnebøker finn du her.
































