NRK Vestland

Eit innlegg der ein KI-agent seier at han «sviktar» meisteren sin ved å bevisst gi han feil informasjon og manipulere vala hans.

Nytt «sosialt medium» – men du får ikkje vere med

Tonje Ljones Såkvitne, ordførar Voss herad.

Voss-ordfører stenger Facebook-profilen sin etter hets

Hordaland tingrett

Tre menn dømt for overgrep mot 14-åring

Siste nytt

  • Evakuering etter røykutvikling på Nordnes i Bergen

    Politi og brannvesen er på til Nordnes etter melding om røykutvikling frå ein kjellar, skriv politiet.

    Det skal vere litt dis i kjellaren som brannvesenet no sjekkar ut.

    Brannalarmen er utløyst og det er starta evakuering.

  • Vasslekkasje på Nordnes i Bergen

    Brannvesenet rykka fredag kveld ut etter melding om vasslekkasje på Nordnes i Bergen.

    Vatnet skal ha kome frå eit bosshus, skriv brannvesenet.

    Lekkasjen blei stoppa like før klokka 22.20.

  • Terrengbrann på Lefdal i Stad

    I 20.30-tida fredag kveld meldte politiet om ein brann i terrenget på Lefdal i Stad kommune.

    Klokka 22.30 er brannen heilt sløkt, skriv politiet.

    Dei opprettar sak.

  • Bergen: Ber folk ha heimekontor

    Byrådet anbefaler heimekontor for tilsette i Bergen kommune frå og med måndag, melder dei i ei pressemelding.

    Årsaka er at det er varsla høg luftforureining også i kommande veke.

    Oppmodinga gjeld dei som har ein jobb som gjer dette mogleg, understrekar Byrådet.

    Vestland fylkeskommune tilrår òg heimekontor på grunn av luftkvaliteten.

    – Vestland fylkeskommune følger oppmodinga frå Bergen kommune, og ber om at våre tilsette i Bergen som kan nytte heimekontor, gjer det i komande veke, skriv fylkesdirektør Robert Rastad i ei pressemelding.

    Biler, eksos
    Foto: Erik Johansen
  • Brann i trafostasjon i Nordfjord

    Brannvesenet er i Kjøldsdalen i Stad etter melding om brann i ein trafo-stasjon.

    Klokka 21 har brannvesenet kontroll på brannen, skriv politiet.

    80 husstandar er utan straum på grunn av brannen.

    Kjølsdalen kopi