NRK Vestland

Menn står på ein terrasse og kikar ut i skogen med kikkertar og fotokamera med lange linser

Desse oppdaga eit sjeldan vesen i skogen: – Får eit lite kick

Siste nytt

  • BT: Pågriping etter brot på besøksforbod i Ytre Sandviken

    Politiet rykte ut til ei adresse i Ytre Sandviken etter melding om krangling. På staden pågreip dei ein mann i 60-åra, skriv Bergens Tidende. Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt opplyser at mannen er pågripen for brot på eit eksisterande besøksforbod.

  • Russ til sjukehus etter fall frå fjellskrent

    Ein 18 år gamal mannleg russ blei natt til andre pinsedag farta til Haukeland universitetssjukehus etter ei fallulykke i Hordnesskogen. Ifølgje vitne på staden fall 18-åringen om lag to meter ned ein fjellskrent og slo hovudet. Politiet fekk melding om ulykka natt til måndag, og klokka 01.12 var mannen på veg til akuttmottaket i ambulanse.

  • Mistenkt for ruskøyring på Os

    Ei politipatrulje stansa måndag klokka 12.11 ein bil på Os i Bjørnafjorden. Føraren, ein mann i 20-åra, er mistenkt for ruskøyring og blei teken med til legevakta for naudsynt prøvetaking, opplyser Vest politidistrikt.

  • Turist bøtelagt etter feilkøyring i Bergen sentrum

    Ein utanlandsk turist i leiebil fekk måndag formiddag eit forenkla førelegg på nesten 9000 kroner etter å ha køyrt mot køyreretninga i to einvegskøyrde gater i Bergen sentrum. Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt opplyser til BA at føraren fyrst ikkje oppfatta at han skulle stanse, og skildrar sjåføren som ein forvirra turist som ikkje visste kvar han skulle køyra.

  • Melding om villmannskøyring i Bømlafjordtunnelen

    Politiet rykte søndag ettermiddag ut etter melding om at fleire motorsyklar køyrt uforsvarleg i Bømlafjordtunnelen. Meldinga kom inn klokka 14.52, og ifølgje vaktsjef Birgitte Pedersen ved Haugesund politistasjonsdistrikt skal motorsyklane ha halde svært høg fart og køyrt utan å halde i styret.

    Ein politipatrulje i området runda opp og møtte ei gruppe på åtte til ni motorsyklar, men det var vanskeleg å slå fast om det var akkurat desse som stod bak villmannskøyringa. Saka fekk på grunn av dette inga vidare oppfølging frå politiet.