Lyngbrann i Øygarden – brannvesen på veg
110 sentralen har fått melding om brann i gras og lyng ved Alvheimsvegen i Øygarden.
Brannvesen er på vei til staden, melder Tore Fanebust i 110 Vest.
110 sentralen har fått melding om brann i gras og lyng ved Alvheimsvegen i Øygarden.
Brannvesen er på vei til staden, melder Tore Fanebust i 110 Vest.
Brannvesenet rykte på morgonkvisten ut til ei leilegheit i Bergen etter at røykvarslaren gjekk.
Brannvesenet gjekk inn med røykdykkara og fekk kontroll like før klokka 07.00.
Det viste seg at det var ein svidd pizza som var årsaka til at brannalarmen gjekk. Ein person blei teken ut og teken hand om av helsepersonell, skriv Børre Brekkvassmo i 110 Vest.
Brannvesenet har ventilert leilegheit og er ferdige på staden.
Brannvesenet fekk klokka 05.30 i dag melding om ein innvendig vasslekkasje i eit hus i Blombakkane i Øygarden.
Dei rykte ut og fekk stoppa lekkasjen og gjekk i gang med å få vekk vatnet, melder 110 Vest.
Politiet har hatt fleire oppdrag med fulle folk i natt, melder Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Like etter klokka 01.00 kom det melding frå Voss og eit hotell om at ein av gjestane slo til ein annan. Den politiet trur står bak valden, ein mann i 20-åra, blei vist vekk frå delar av hotellet. Han blir også meld for kroppskrenking,
Like før klokka 03.00 i Bergen braut det laust eit større slagsmål med fleire personar. Både ambulanse og politi rykte ut. Ein mann blei funnen på bakken med blodig nase. Ambulansen tok hand om han, men skadeomfanget er ukjent. Politiet har ikkje greidd å finne dei andre som var involverte.
På same tidsrom, også dette i Bergen, kom politiet over ein rusa mann i 50-åra. Han hadde fått to pålegg tidlegare på kvelden om å halde seg unna sentrum. Det skjedde etter at han truga vektarar på ein utestad og var ufin mot fleire andre. Mannen blei teken med i drukkenskapsarresten og kan vente seg ei politimelding.
Ein mann i 20-åra blei i natt frakta til drukkenskapsarresten etter ein heller fuktig og kranglete kveld på byen.
Rundt midnatt kasta han ei plastflaske på ein politibil og viste deretter fingeren til ein politipatrulje ved Torgallmenningen i Bergen. Mannen sprang frå staden, men blei innhenta kort tid etter.
– Lite samarbeidsvillig og openbert rusa, skriv Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt om mannen.
Mannen blir meld for ordensforstyrring og for oppførselen sin mot politiet.