No har dei bestemt seg – dette skjer med Bømoen framover

Eit knapt fleirtal vippa saka som i årevis har splitta vossabygda. Likevel er den langt unna ei avslutning.

Heradsstyret seier nei til den minnelege avtalen som grunneigaren av Bømoen og Voss herad har forhandla fram.

Det store området, som har vore rota til ein årelang konflikt på Voss, husar mellom anna Ekstremsportveko, og den gamle militærleiren har vore basen for TV2-serien «Kompani Lauritzen».

Spørsmålet er kva dei private eigarane skal få lov til å gjera med området.

Striden står i hovudsak mellom grunneigar som ønskjer å bruka delar av området til næring og arbeidsplassar, og dei som vil bevara natur, naturstiar og luftsport.

Og det er spesielt den nordre delen av området som det er størst konflikt rundt.

I dag skulle heradsstyret bestemma seg, og røysta over:

  • Ein minneleg avtale med grunneigar, som ordføraren har forhandla fram.

Eller går vidare med:

  • Ekspropriasjon: Når kommunen gjennom ein rettsprosess tvingar eigarane til å selje området tilbake til det offentlege.

No har kommunen avslått den minnelege avtalen med grunneigar, og vil gå vidare for ekspropriasjon.

Bømoen, Voss

Dette området splittar vossabygda

Knappast mogleg fleirtal

Bømoen-området utgjer over 2300 dekar, som tilsvarar rundt 320 fotballbanar. Bak eigarselskapet står to lokale entreprenørfirma.

I forkant av møtet sa ordførar på Voss, Tonje Såkvitne (Sp), at ho meinte det var på tide å setja strek og gå for den minnelege avtalen.

Ho argumenterer for at dette vil sikra aktiviteten på området. Grunneigar ville då mellom anna fått 321 dekar til næringsverksemd.

Under heradsstyremøtet var det steile frontar og engasjerande framlegg. Eit delt og tverrpolitisk heradsstyre.

Men med knappast mogleg fleirtal blei den minnelege avtalen forkasta, 22 mot 21 røyster.

Avgjerd Bømoen-saka

22 heradsstyrerepresentantar røysta imot den minnelege avtalen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Samstundes hadde eit fleirtal av representantane fremja eit alternativ forslag, mellom anna å gå vidare med ekspropriasjon av idrettsområdet nord på Bømoen.

Då den blei røysta over gjekk 23 heradsstyrerepresentantar for alternativet, mot 20.

Røysting av Bømoen-saka i Voss heradsstyre.

Avrøystinga blir gått grundig igjennom.

Foto: Tale Hauso / NRK

Under denne avstemminga snudde ordføraren.

– Når den minnelege avtalen fall er det viktig at eg som ordførar stiller meg bak fleirtalet i heradsstyret. Eg signaliserer at eg skal vera med på å følgja opp prosessen framover, seier Såkvitne.

Dette inneber at heradsstyret ber administrasjonen om å laga ei ny sak om ekspropriasjon for idrettsområdet og tilkomstvegen, som skal behandlast 26. mars 2026.

Samtidig skal dei laga ein plan for området som trengst til beredskap og luftsport, altså til drivstoff, flyparkering og landing. Ekspropriasjon kan også bli aktuelt for desse områda.

Hans Erik Ringkjøp, kommunalsjef for tekniske tenester i Voss herad.

No skal administrasjonen laga ei ny sak om ekspropriasjon for idrettsområdet og tilkomstvegen til neste heradsstyremøte.

Foto: Tale Hauso / NRK

Om grunneigar Bømoen AS vil forhandla, får kommunen lov til å prøva å bli einige om ein frivillig avtale om kjøp av grunn og rettar.

NRK har vore i kontakt med Bømoen AS. Dei treng å sjå over vedtaket frå heradet, men er skuffa over resultatet.

– Vi er skuffa, og hadde håpa på eit fleirtal for minneleg avtale, seier styreleiar i Bømoen AS, Olav Lægreid.

Olav Lægreid, Bømoen AS

Olav Lægreid i Bømoen As.

Foto: Tale Hauso / NRK

Delt heradsstyre

– Eg trur den minnelege avtalen kunne ha vore med å løysa mange konfliktar, så eg synest det er uheldig at ein ikkje kom til ei endeleg løysing her, seier Daniel Lund Imani, leiar i Voss Høgre.

Han meiner forslaget som blei vedteken vil føra til enno meir konflikt og større advokatutgifter.

– I tillegg byrjar ein med ein eksproprieringsprosess som ein ikkje veit om ein får gjennomslag for i retten ein gong, legg Imani til.

På andre sida står SV, som er glad for resultatet.

– Vi er letta for at vi no har fatta vedtaket. Det viser at innsats lønner seg, seier Margrethe Alm i SV.

Men ho erkjenner at ekspropriering vil ta tid, og at det vil bli ein lang prosess.

– Men når vi er ferdig med den prosessen, så ser vi enden i tunnelen og kan setja strek. Og då vil det endeleg bli ro i bygda vår, seier Alm.

Les også Konflikt trugar ekstremsportbygda Voss – fallskjermklubben er kasta ut frå Bømoen

Tom Shorten hoppar i fallskjerm med norsk flagg på Voss

Langt unna ei avslutning i saka

For trass i ei avgjerd er saka langt unna eit endeleg punktum, som mange lengtar etter.

Ordføraren seier at vossingane som i dag håpa på ei avslutning i Bømoen-saka, vil bli skuffa.

– Denne saka kjem til å ta tid. Uavhengig av om det hadde blitt minneleg avtale eller no med alternativt vedtak, seier ho.

Ho peikar på at det er fleire ting som skal løysast. Bømoen er eit området som inntil hausten 2024 var uregulert.

– Dette er hovudgrunnen til konflikt, og framleis er det store område som ikkje er detaljregulert, så dette tar tid.

Fallskjermhoppar landar på Bømoen i Voss

Fallskjermmiljøet har uttalt at dei har frykta for framtida på Voss om den minnelege avtalen blei vedteken.

Foto: Silje Kvalsvik Olsen

Rigga til visning på kinoen

Då heradsstyret behandla saka like før jul, følgde over 9000 sjåarar strøyminga av møtet på kommune-TV. Det er rekord.

Denne gongen har gjengen som kallar seg «bygda» rigga opp for felles visning av møtet på kinoen på Voss.

– Her kan folk samlast for å følgja med, eller stikka innom når det passar i løpet av dagen, seier Ann Christin Nøss.

Bygda samles for Bømoen-oppgjør

Ann Christin Nøss, frå gjengen som kallar seg «bygda» har rigga opp kinosalen på Voss for visning av dagens møte i heradsstyret. På skjermen vises «kommune-TV» og oppgjeret om Bømoen-området.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nøss fortel at Bømoen er det «alle» snakkar om.

– Politikarane blir nedringt, avisene har vore tettpakka med lesarinnlegg. Til og med ungane diskuterer dette rundt frukostbordet.

– Så dette betyr mykje for både store og små, seier ho.