utsikt over fjelltopper, med et blågrønt vann i midten, blå himmel i bakgrunnrn
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Nyhetssenter Vestland

  • Lyngbrann i Øygarden – brannvesen på veg

    110 sentralen har fått melding om brann i gras og lyng ved Alvheimsvegen i Øygarden.

    Brannvesen er på vei til staden, melder Tore Fanebust i 110 Vest.

  • Svidde pizza, måtte ha helsehjelp

    Brannvesenet rykte på morgonkvisten ut til ei leilegheit i Bergen etter at røykvarslaren gjekk.

    Brannvesenet gjekk inn med røykdykkara og fekk kontroll like før klokka 07.00.

    Det viste seg at det var ein svidd pizza som var årsaka til at brannalarmen gjekk. Ein person blei teken ut og teken hand om av helsepersonell, skriv Børre Brekkvassmo i 110 Vest.

    Brannvesenet har ventilert leilegheit og er ferdige på staden.

  • Rykte ut til vasslekkasje i hus

    Brannvesenet fekk klokka 05.30 i dag melding om ein innvendig vasslekkasje i eit hus i Blombakkane i Øygarden.

    Dei rykte ut og fekk stoppa lekkasjen og gjekk i gang med å få vekk vatnet, melder 110 Vest.

  • Hotellslåsting og masseslagsmål

    Politiet har hatt fleire oppdrag med fulle folk i natt, melder Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

    Like etter klokka 01.00 kom det melding frå Voss og eit hotell om at ein av gjestane slo til ein annan. Den politiet trur står bak valden, ein mann i 20-åra, blei vist vekk frå delar av hotellet. Han blir også meld for kroppskrenking,

    Like før klokka 03.00 i Bergen braut det laust eit større slagsmål med fleire personar. Både ambulanse og politi rykte ut. Ein mann blei funnen på bakken med blodig nase. Ambulansen tok hand om han, men skadeomfanget er ukjent. Politiet har ikkje greidd å finne dei andre som var involverte.

    På same tidsrom, også dette i Bergen, kom politiet over ein rusa mann i 50-åra. Han hadde fått to pålegg tidlegare på kvelden om å halde seg unna sentrum. Det skjedde etter at han truga vektarar på ein utestad og var ufin mot fleire andre. Mannen blei teken med i drukkenskapsarresten og kan vente seg ei politimelding.

    Bergen sentrum politistasjon speiler seg i vinduet til bygget på andre siden av veien.
    Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK
  • Kasta flaske på politibil og rekte finger

    Ein mann i 20-åra blei i natt frakta til drukkenskapsarresten etter ein heller fuktig og kranglete kveld på byen.

    Rundt midnatt kasta han ei plastflaske på ein politibil og viste deretter fingeren til ein politipatrulje ved Torgallmenningen i Bergen. Mannen sprang frå staden, men blei innhenta kort tid etter.

    – Lite samarbeidsvillig og openbert rusa, skriv Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt om mannen.

    Mannen blir meld for ordensforstyrring og for oppførselen sin mot politiet.

  • Sparkesykkel nær ved å brenne – brannvesen rykte ut

    Brannvesenet rykte i natt ut til Bjørnafjorden etter at dei fekk melding om røykutvikling frå eit batteri ein elektrisk sparkesykkel.

    Då brannvesenet kom fram til staden var batteriet målt til 50 grader. Det blei kjølt ned ved å verte lagt i ei bøtte med vat, skriv Børre Brekkvassmo i 110 Vest.

  • 20 evakuerte etter røykutvikling på Nordnes i Bergen

    Politi og brannvesen er på til Nordnes etter melding om røykutvikling frå ein kjellar, skriv politiet.

    Det skal vere litt dis i kjellaren som brannvesenet no sjekkar ut.

    Brannalarmen er utløyst og det er starta evakuering.

    Om lag 20 personar blei evakuerte, men dei fekk kome inn att i bygget.

    Ifølge politiet blei ingen skadde i hendinga, der det var røykutvikling frå eit elektroskap i ein kjellar.

  • Bergen: Ber folk ha heimekontor

    Byrådet anbefaler heimekontor for tilsette i Bergen kommune frå og med måndag, melder dei i ei pressemelding.

    Årsaka er at det er varsla høg luftforureining også i kommande veke.

    Oppmodinga gjeld dei som har ein jobb som gjer dette mogleg, understrekar Byrådet.

    Vestland fylkeskommune tilrår òg heimekontor på grunn av luftkvaliteten.

    – Vestland fylkeskommune følger oppmodinga frå Bergen kommune, og ber om at våre tilsette i Bergen som kan nytte heimekontor, gjer det i komande veke, skriv fylkesdirektør Robert Rastad i ei pressemelding.

    Biler, eksos
    Foto: Erik Johansen
  • Mann siktet for drap i Alver fengsles videre

    Mannen som i midten av oktober ble siktet for å ha drept sin svigermor i Alver i Nordhordland, varetektsfengsles videre.

    Det melder BT.

    Mannen ba i dag nok en gang om å bli løslatt, men Hordaland tingrett sa nei.

    Retten viser til at han kom fra Eritrea for ti år siden. De mener det er fare for at han skal forlate Norge hvis han løslates.

    Han er norsk statsborger, men har foreldre og søsken utenlands.

    Han blir dermed fengslet i fire nye uker.

    en bil med en person som står foran

    Kvinna som blei funnen medvitslaus i Alver død – utvidar siktinga mot mannen

    Kvinna var svigermor til den sikta mannen i saka. – Ei tragisk utvikling, seier bistandsadvokat for familien.

  • Sunnfjordingar avslørt i ransaking – no er dei dømde

    To sunnfjordingar i slutten av 30-åra er i Sogn og Fjordane dømde for å ha oppbevart narkotika.

    Det var under ei ransaking i ein bustad at politiet fann narkotika som dei to eigde. Den eine hadde nær 16 gram med amfetamin på seg, og han måtte i tillegg også svare for eit tjuveri av mellom anna lego.

    Begge to vedgjekk straffskuld i retten.

    Den eine er dømd til samfunnsstraff i 50 dagar, medan den andre er dømt til fengsel i 18 dagar, men på vilkår. Det betyr at han slepp å sone dersom han held seg unna nye lovbrot dei neste to åra.

    Begge to må betale sakskostnader også.

  • Eirik Bakke gir seg i Åsane

    Eirik Bakke gir seg som trenar i Åsane.

    – Vi har ulike vurderingar av vegen vidare for klubben, seier dagleg leiar i Åsane Fotball, Trygve Amundsen.

    Kva ulike retningar det er snakk om, vil han ikkje seie noko om.

    Ifølge Amundsen er partane samde om at Bakke, som har vore trenar sidan sommaren 2024, no gir seg.Spelarane blei informerte tidlegare i dag.

    Sogndølen skal lede laget gjennom dagens treningskamp mot Bryne, men det blir også det siste han gjer i klubben.

    Bakke har tidlegare uttalt seg kritisk mot eiga leiing, og sagt at han ikkje visste kor lenge han ville trene klubben. Leiinga ville då ikkje uttale seg om konflikten i media. Det vil ikkje Amundsen no heller, og seier at dette skjedde før hans tid i klubben.

    Amundsen seier dei har eit godt forhold til Bakke og at dei ønskjer han lykke til vidare. Klubben vil no gå i gang med å jakte ny hovudtrenar.

    Eirik Bakke
    Foto: Sondre Dalaker / NRK
  • Papp-brenning ute av kontroll

    Politiet rykket ut til en gress- og lyngbrann i Sæbøvågen i Alver torsdag formiddag.

    Brannen startet da en person brente papp, og bålet kom ut av kontroll. Rundt 100 kvadratmeter mark ble svidd av.

    Brannmannskapene fikk etter hvert kontroll på brannen, og det er ikke meldt om personskader. Politiet har vært i dialog med både personen og brannvesen.

    Politiet sier at situasjonen raskt kunne utviklet seg mer alvorlig, og oppretter sak.

    Et området som har brent.
    Foto: Brannvesenet
  • To bilar involvert i trafikkuhell i Bergen

    To bilar og tre personar var involvert i eit trafikkuhell på Sandsli i Bergen klokka 07.24 fredag morgon.

    Uhellet skal ha skjedd i låg hastigheit, og partane ordnar sjølv opp på staden, ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

    Det er snakk om mindre materielle skader, og ingen personskadar. Verken brann eller ambulanse rykte ut.