Vest politidistrikt har den siste tida fått fleire meldingar om at folk køyrer på islagde vatn med motorsyklar, bilar, ATV-ar, snøskuter og andre motoriserte køyretøy.
Blant anna er det nyleg avslørt omfattande ulovleg køyring på Sævellavatnet mellom Tysse og Eikelandsosen aust for Bergen.

Bildet frå Sævellavatnet mellom Tysse og Eikelandsosen viser at det er sju bilar på isen og tydelege spor etter bilkøyring. Bildet er tatt 31. januar.
Foto: Statens naturoppsynSåg mistenkelege spor
– Det starta med at ein kollega av oss køyrde forbi vatnet i privat ærend og såg at det var blitt køyrd ute på vatnet, fortel seniorrådgjevar Olaf Bratland i Statens naturoppsyn til NRK.
Naturoppsynet rykte ut til staden dagen etter. Då såg dei både spor på isen og bilar med ispiggar parkert ved vatnet, men ingen personar. Difor reiste dei tilbake den etterfølgande laurdagen, og fekk sjå eit veldig uvanleg syn.
– Det var veldig mykje folk og køyretøy av ulike typar. Det såg ut som det var ei tilrettelagt løype dei køyrde rundt på. Då tenkte vi at her har vi ein jobb å gjera, seier Bratland.
Dei sikra seg først bilde og video av det som skjedde, før dei kontakta førarane. Dei fleste var tilsynelatande uvitande om at køyringa er ulovleg.
– Vi kjem til å melda 21 personar til politiet for brot på lova om motorisert ferdsel i utmark, bekreftar Bratland.
Sævellavatnet ligg i grenseområdet mellom Bjørnafjorden og Samnanger.
– Lite kjent forbod
Politiet meiner problemet med køyring på isen er så stort at dei torsdag sende ut ei pressemelding som slår fast at denne typen aktivitet er ulovleg.
– Vår erfaring er at mange ikkje kjenner til dette forbodet. Dermed ønskjer vi å nå ut med denne informasjonen for å førebygga ulovleg motorferdsel i utmark, farlege situasjonar og unødvendige politimeldingar, seier politiadvokat Sigrid Sulland.
Ho seier det er mange fleire islagde vatn enn vanleg i Vestland, på grunn av den langvarige kuldeperioden.
Det er fleire grunnar til forbodet, blant anna risiko for skadar.
– Køyring på islagde vatn kan føra til farlege situasjonar. Ein veit aldri kor trygt det er og om det er trygt på heile vatnet. Det kan også vera folk som ferdast til fots eller på skøyter, påpeikar Sulland.

Politiadvokat Sigrid Sulland i Vest politidistrikt seier at mange ikkje kjenner til forbodet.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK
Bekreftar problemet
Ulovleg køyring på isen er ikkje berre eit problem i Vest politidistrikt. Det bekreftar Økokrim, som etterforskar både økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.
Økokrim har påpeikt i si trusselvurdering om miljøkriminalitet frå hausten 2025 at ulovleg motorferdsel i utmark er eit problem.
– Økokrim syns det er svært positivt med den oppfølginga Vest politidistrikt har hatt i denne saka, og eg er einig i betraktninga rundt alvoret, seier førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland til NRK.
Både politiet og Statens naturoppsyn følgjer med på om nokon bryt forbodet mot motorferdsel på isen, seier politiadvokat Sulland i Vest politidistrikt.
– Vi følgjer opp viss vi får meldingar som er av ein sånn karakter at det er grunn for å følgja det opp, seier Sulland.






