Stasjonsdød i distrikta
Heile 430 norske bensinstasjonar har forsvunne sidan 2020 – eit snitt på ti nedleggingar i månaden. Dette minka stasjonsnettet skaper stor uro for drivstoffberedskapen. Medan det i 2012 var 1200 betjente stasjonar i Noreg, viser prognosar frå Menon Economics at talet vil krympe til berre 730 i 2034.
