Anmeldelse

Ei bok som gjer meg rasande

Jamvel i dag blir ungjenter straffa for å føde utanfor ekteskapet.

Bilde av forfatter Aina Basso sammen med omslaget til boka «Før det blir morgon»
Foto: Samlaget/Oda Berby
Terningkast 5 Bok

«Før det blir morgon»

Aina Basso

Ungdomsroman

2025

Den Norske Samlaget

Ein kan trekkje på skuldrene og tenkje at her er nok ei bok om jenter som hamnar i ulukka.

Ein kan og tenkje at jammen er det godt at nokon skriv om ein lagnad som har ramma så mange kvinner opp gjennom historia, og som framleis, altfor mange stader på jorda, legg skam, skuld og straff på kvinner som har vore utsette for overgrep.

Skriv så vi ser det for oss

Aina Basso skriv ei forteljing frå Noreg i 1733. Her er Josefa, femten år, som skal vere teneste­jente på ein stor­gard på hi sida av fjorden. Det er hus­bonden som legg seg etter ho.

Ikkje originalt, men så er også temaet meir alminneleg enn ein kunne ønskje.

Det som ikkje er vanleg, er Bassos vare skildringar av miljø og natur. Ho legg og tydelege føringar for den som vil sjå:

Fjorden er svart og botnlaus. Lykta kastar eit gult skin over vatnet. Ingen veit kor djupt det er, kva som glir der nede i mørkeret.

«Før det blir morgon» av Aina Basso

Mang ei jente har gått på fjorden med eit uønskt barn under hjartet.

Det er faren som ror henne over. Josefa har forplikta seg til å arbeide på garden i eit år og vil bli straffa om ho forlèt tenesta før tida.

Her møter ho Sara, som også er teneste­jente. Ho blir ei god venninne.

Den kjærlege omsorga frå Sara er eit hint om at ein annan kjærleik enn den mellom mann og kvinne er mogeleg.

Her er også gamle Olna, som har arbeidd på garden sidan ungdoms­åra, og dei to drengane Ole og Karl.

Skilnaden mellom dei som eig hus, dyr og jord og dei som berre eig si eiga arbeids­kraft, kjem tydeleg fram. Det finst også dei som ikkje ein gong eig sin eigen kropp.

Oppteken av fortida

Aina Basso har skrive mykje om korleis det har vore for folk som har falle utanfor normene i samfunnet.

Ho har skrive om tatarar, om hekse­brenning og ikkje minst leverte ho for eit par år sidan ei knakande god og Bragepris-nominert sakprosa­bok om dei dødsdømde i Noreg.

Og no skriv ho om dei uprivilegerte igjen.

Bassos roman om heksebrenning: «Rystende»

Aina Basso: Inn i elden

Jo da, tidleg i teksten skjønar vi kor vi skal. Men det hindrar meg ikkje i å lese vidare, for Aina Basso skriv godt – og lærerikt som ein historie­time – om dagleg­livet på ein stor­gard.

Her er kles­vask, mjølking og kalving, midtsommar­feiring og til og med offentleg avretting av ein mordar.

Ikkje visste eg at bygde­folket var pålagt å sjå på avrettinga. Slik skulle valden sørge for at dei heldt seg inne med lova og langt vekk frå grove ugjerningar.

Den eldste drengen på garden er ein hund etter skrømte­soger. Mykje av det han fortel for å underhalde resten av teneste­folket ein laurdags­kveld, skal bli meir verkeleg enn Josefa kunne tru.

Slik bygger Basso opp, scene for scene, ei uhygge mot det vi veit skal skje.

Aina Basso byline

FORFATTAREN: Aina Basso (f. 1979) debuterte med ungdomsromanen «Ingen må vite» (2008). Sia då har ho skrive bøker der ho dreg nytte av bakgrunnen sin som historikar, båe sakprosa og skjønnlitteratur.

Foto: Samlaget

Arresterer misbruk av makt

Tilfellet har ført til at eg dei siste vekene har lese to bøker om ei femten år gamal ungjente som får barn utanfor ekteskapet.

Først var det Kristin, som blei gravid med ungdomskjærasten og måtte føde i løyndom og adoptere bort barnet midt på 1950-talet.

Ho sakna den vesle guten heile livet, men fortalde aldri om han til nokon.

Les også «Smertefullt om tapet av et barn»

Bilde av forfatter Johan B. Mjønes sammen med omslaget til boka Spuria.

No er det Josefa, som lever i Noreg om lag 200 år før Kristin. I hennar tid kunne straffa vere radikal. Skarp­rettaren stod klar til å hogge hovudet av unge, ugifte mødrer som tok livet av det nyfødde barnet sitt.

Men kva om barnet var dødfødt? Og kva med mannen som er far til barnet?

Også Tore Renberg løfta denne uretten i den voluminøse og skakande romanen «Lungeflyteprøven» som kom for eit par år sidan.

Som han får Aina Basso unge lesarar til å reflektere over skam, skuld og straff. Om mykje heldigvis har endra seg dei siste hundreåra, så skader overgrep og maktmisbruk framleis livet til jenter verda over.

Vi skriv 2025. I USA sørgjer den nye presidenten for at det blir vanskelegare å ta abort.

Dét er ei avgjerd Aina Basso set i eit grelt perspektiv med den grundige og gode romanen «Før det blir morgon».

Sjå kritikar Anne Cathrine Straume i «Nyhetsmorgen»:

NRKs litteraturanmelder Anne Cathrine Straume i Nyhetsmorgen-studio. Hun sitter med øretelefoner på foran en mikrofon.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Les gjerne saka mi om Emil i Lønneberget. Sjå kva eg skriv om «Du eneste» av Hilde Hagerup eller «Du er hjemme nå» av Per Petterson. Tips til gode barnebøker finn du her.

Kulturstrøm

  • Popikonet Robyn kommer til Oslo

    Det svenske popikonet Robyn vender tilbake til Norge.

    Lørdag 11. juli inntar hun Unity Arena utenfor Oslo med det som sies å være hennes største soloshow i Norge noensinne

    Da er det 15 år siden Robyn spilte i Oslo Spektrum, og sju år siden hun headlinet Øyafestivalen.

    Robyn har i over to tiår vært en av Skandinavias mest kompromissløse og innflytelsesrike popartister.

    Hun er kjent for ikoniske låter som «Dancing On My Own», «Call Your Girlfriend» og «Honey».

    Røyksopp & Robyn, Øyafestivalen 2014. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3
    Foto: NRK P3
  • Bad Bunny med kraftig budskap mot ICE på Grammy-utdeling

    Puertoricanske artist Bad Bunny fremførte søndag en kraftig melding mot USAs føderale immigrasjonspoliti ICE da han mottok Grammy-prisen for beste Música Urbana-album under årets Grammy Awards, ifølge nyhetsbyrået AFP.

    – Før jeg takker Gud, vil jeg si «ICE ut», sa den 31 år gamle artisten til stående applaus fra publikum i Los Angeles.

    Det er kun en uke til han skal opptre på Super Bowl-showet.

    – Vi er ikke villmenn, vi er ikke dyr, vi er ikke romvesener; vi er mennesker og vi er amerikanere, sa han fra scenen

    Bad Bunny accepts the award for best música urbana album for "Debí Tirar Más Fotos" during the 68th annual Grammy Awards on Sunday, Feb. 1, 2026, in Los Angeles
    Foto: Chris Pizzello / AP / NTB
  • Grammy Awards: Olivia Dean beste nye artist

    Den britiske sangeren og låtskriveren Olivia Dean, som har toppet hitlistene med låten «Man I Need», vant søndag Grammy for beste nye artist.

    I takketalen fortalte hun gråtkvalt at hun er et barnebarn av en innvandrer.

    – Jeg står her som et barnebarn av en innvandrer. Jeg ville ikke vært her. Jeg er et produkt av mot, og jeg tror at disse menneskene fortjener å bli feiret.

    De øvrige nominerte i kategorien var: KATSEYE, The Marias, Addison Rae, Sombr, Leon Thomas, Alex Warren og Lola Young.

    Årets Grammy-utdeling er den 68. i rekken.

    Olivia Dean
    Foto: AMY SUSSMAN / AFP / NTB