NRK Vestland

Eit innlegg der ein KI-agent seier at han «sviktar» meisteren sin ved å bevisst gi han feil informasjon og manipulere vala hans.

Nytt «sosialt medium» – men du får ikkje vere med

Tonje Ljones Såkvitne, ordførar Voss herad.

Voss-ordfører stenger Facebook-profilen sin etter hets

Hordaland tingrett

Tre menn dømt for overgrep mot 14-åring

Siste nytt

  • Ny fartsmåling i Gudvanga- og Flenjatunnelen

    Statens vegvesen erstattar dagens automatiske trafikkontroll med strekningsmåling i Gudvanga- og Flenjatunnelen på E16 i Vestland fylke.

    Dette er for å gi betre trafikktryggleik og reduserer driftskostnader, skriv seksjonssjef Hilde Halås i Statens vegvesen i ei pressemelding.

    Strekningsmålaren blir sett i drift torsdag i neste veke.

    Den nye strekningsmålinga kontrollerer farten til sjåførane over ei strekning på om lag 15 km – frå vest i Gudvangatunnelen til aust i Flenjatunnelen.

    tunnel med fartsmålar
    Foto: Statens vegvesen / Statens vegvesen
  • Fylkeskommune ber tilsette i Bergen om å ha heimekontor

    Vestland fylkeskommune ber dei tilsette i Bergen om å ha heimekontor i den komande veka.

    Årsaka er at det er varsla høg luftforureining også i den komande veka.

    I går blei det kjent at Bergen kommune bad sine arbeidstakarar som hadde høve til det, om å ha heimekontor.

    – Vestland fylkeskommune følgjer oppmodinga frå Bergen kommune, og ber om at våre tilsette i Bergen som kan nytte heimekontor, gjer det i komande veke, seier fylkesdirektør Robert Rastad i ei pressemelding.

    Han legg til at dei har dialog med Bergen kommune om andre tiltal som kan reduserer trafikken og svevestøvet, som no står for mykje av luftforureininga.

  • Kolltveittunnelen stengt

    Kolltveittunnelen mellom Straume og Kolltveit i Bergen er stengt.

    Årsaka er ein del busker og kvist i vegbana.

    – Det er truleg nokon som har mista det av ein hengar. Entreprenør er på veg for å rydde det vekk, opplyser Tom Erik Englaugstad i Vegtrafikksentralen.

  • Hardangervidda open for fri ferdsel

    Hardangervidda er open for fri ferdsel etter at kolonnekøyring.

    Også på dei andre fjellovergangane er det ope, seier Tom Erik Englaugstad i Vegtrafikksentralen.

  • Lyngbrann i Øygarden – brannvesen på veg

    110 sentralen har fått melding om brann i gras og lyng ved Alvheimsvegen i Øygarden.

    Brannvesen er på veg til staden, melder Tore Fanebust i 110 Vest.

    Det er eit område på 30x30 meter som brenn.

    – Brannvesenet er på staden og har starta sløkking. Det er ingen fare for at brannen kan spreie seg, skriv Fanebust i ei oppdatering klokka 09.19.

    Klokka 09.48 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

    brann i terreng
    Foto: øygarden brann og redning