NRK Vestland

Menn står på ein terrasse og kikar ut i skogen med kikkertar og fotokamera med lange linser

Desse oppdaga eit sjeldan vesen i skogen: – Får eit lite kick

Siste nytt

  • Lange køar ved Sandvikvåg etter pinsehelga

    Det har danna seg om lag to kilometer kø på E39 mot ferjekaien i Sandvikvåg måndag ettermiddag. Køane skuldast at mange er på veg heim frå pinsefeiring og Stord-cup. Vegtrafikksentralen opplyser at pågangen pregar trafikken sterkt, og at køane kan strekkje seg utover ettermiddagen.

  • Heile Gamle Strynefjellsvegen opnar ikkje før i midten av juni

    Trass i svært lite snø opnar ikkje heile fv. 258, Gamle Strynefjellsvegen, før tidlegast 10. juni. Strekninga frå Videsæter til sommarskisenteret opna sist fredag, men vegen vidare til Grotli er stengd. Ingeniør Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune opplyser tat vegen fyrst må fresast og tørke, og at opninga blir halden igjen til midten av juni av omsyn til villreinen i området.

  • Kystverket klar med prioriteringane: Skatestraumen øvst i Vestland

    Kystverket har lagt fram den årlege porteføljeprioriteringa si for farleds- og fiskerihamneprosjekt. For Vestland fylke er det utbetringa av farleden Skatestraumen–Fåfjorden–Vågsfjorden–Måløy som ligg heilt øvst på prioriteringslista (6. plass nasjonalt). Det neste store Vestland-prosjektet på lista er Florø–Frøysjøen.

    Kystverket trekkjer også fram mindre, men viktige tiltak i fylket, mellom anna ny sjømerking på strekninga Bergen–Sognesjøen og utdjuping av innseglinga til Vågen i Bergen. Kva prosjekt som faktisk blir starta opp i 2027, heng no saman med løyvingane i dei komande statsbudsjetta.

  • BT: Pågriping etter brot på besøksforbod i Ytre Sandviken

    Politiet rykte ut til ei adresse i Ytre Sandviken etter melding om krangling. På staden pågreip dei ein mann i 60-åra, skriv Bergens Tidende. Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt opplyser at mannen er pågripen for brot på eit eksisterande besøksforbod.

  • Russ til sjukehus etter fall frå fjellskrent

    Ein 18 år gamal mannleg russ blei natt til andre pinsedag farta til Haukeland universitetssjukehus etter ei fallulykke i Hordnesskogen. Ifølgje vitne på staden fall 18-åringen om lag to meter ned ein fjellskrent og slo hovudet. Politiet fekk melding om ulykka natt til måndag, og klokka 01.12 var mannen på veg til akuttmottaket i ambulanse.