NRK Vestland

Siste nytt

  • Bil i fjellveggen på ved Brotåsen på Stord

    Ein bil har køyrd av vegen og treft fjellveggen på fylkesveg 5044 Vestlivegen ved Brotåsen på Stord, melder politiet.

    – Sjåføren er oppegåande, men tek ein tur til legevakta for sjekk, opplyser operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt.

    Føraren, ein mann i slutten av tenåra, blir avhøyrt på staden. Politiet opprettar sak og har fråteke mannen førarkortet.

    Bilen står ikkje til hinder for trafikken, men står fast i grøfta. Bilbergar er på veg.

  • Rykker ut etter melding om truslar med kniv i Bergen

    Politiet har rykt ut til Bergen sentrum med store ressursar etter melding om at ein person skal ha truga nokon med kniv.

    Politiet har kontroll på vedkomande, og ingen skal vere skadde.

  • Elise Stenevik frå Florø går til FC Köln

    Fotballspelar Elise Stenevik frå Florø går frå Everton FC til tyske FC Köln.

    Den 26 år gamle nordmannen skal styrkje forsvaret og har skrive under ein kontrakt som varer til 30. juni 2028, skriv klubben på sine sider.

    – Elise Stenevik passar svært godt inn i profilen vi ser etter. Som forsvarsspelar har ho mykje erfaring frå internasjonalt toppnivå og imponerer særleg med styrken sin i duellar, robustheita si og den sterke venstrefoten, seier Nicole Bender-Rummler, direktør for kvinne- og jentefotball i FC Köln.

    Stenevik seier at ho gler seg og føler ho har tatt eit rett val.

    – Eg kan nesten ikkje vente med å bli skikkeleg kjend med lagvenninnene mine, trenarteamet og supportarane, og med å spele kampar for den nye klubben min.

    To fotballspillere omfavner hverandre på banen. Den ene spilleren, med ryggen til, har nummer 23 på drakten. Den andre spilleren smiler bredt mot kamera. Bakgrunnen er uskarpt, og viser publikum på en stadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
    Foto: Craig Brough / REUTERS,NTB
  • Politiet opprettar sak etter bilbrann i Sveio

    Politiet opprettar sak etter ein bil var i full fyr på fylkesveg 47 Tittelsnesvegen i Sveio.

    Politiet fekk melding om bilen som stod i brann på eit busstopp klokka 17.32.

    Brannvesen og politi rykte ut og brannen vart meldt sløkt ein halvtime seinare. Vegen var stengt ei kort stund.