Redningsaksjon i Alver
Ein person er henta opp frå Osterfjorden etter melding om at vedkommande låg i sjøen, melder politiet.
Naudetatane og luftambulanse har rykka ut.
Personen er på veg til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse, melder politiet klokka 10.04.
Det er ukjent korleis personen hamna i vatnet.