Maria Gunnarsdotter Svedal kunne like før jul gle seg over tidenes julegåve. Som ein av to fekk ho fast jobb som journalist i NRK Vestland. Redaksjonen der ho hadde praksis som nynorskpraktikant, og seinare har vore vikar.
– Eg blei både glad og overraska! Det er inga hemmelegheit at det er kamp om journaliststillingane for tida, og eg har søkt på mange stillingar sidan praktikantperioden var over. Då er det klart at det er kjekt å endeleg kome heilt i mål, seier sogndølen.
Ser fram til ein variert kvardag
Svedal var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter, hausten 2021. Då var ho akkurat ferdig med studiane i nordisk ved Universitetet i Bergen. Ho hadde vore aktiv i studentradioen, og også hatt sommarjobb i Sogn Avis.
Etter praksisperioden i NRK Vestland har ho jamt over halde fram som vikar der. I ein periode har ho også vore inne som vaktsjef. No skal ho først og fremst vere reporter og lage saker til TV, nett og radio.
– Det som er kjekt med NRK er at du kan gjere så mykje forskjellig. Då eg starta som praktikant hadde eg sett føre meg å jobbe meir med radio enn eg gjer i dag, men kven veit kva som skjer i framtida?
– «Stao no pao»
Medan heile ni tidlegare praktikantar fekk fast jobb i media i 2024, så har nålauget vore trongare i 2025. Fride Kvamsøe Rekdal sikra seg fast jobb i NRK Møre og Romsdal allereie under praksisperioden.
Elles er det berre to andre som har fått faste jobbar. Sigrid Agnethe Hansen, som er tilbake i NRK Troms og Finnmark, og Espen Moe Breivik, som har fått fast jobb i fagbladet Journalisten.
– Det er ingen tvil om at det er tronge tider for dei som jaktar journalistjobbar. Vi ser at det er mange søkjarar til både faste stillingar og vikariat, og ofte har fleire av søkjarane lang erfaring, som det er vanskeleg for nye journalistar å utkonkurrere, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.
Frå redaksjonslokala i Bergen ser Svedal at det kan vere ein krevjande jobbmarknad å kaste seg inn i. Ho trur journalisterfaring vil vere nyttig uansett kva yrke ein endar opp i, og at det er viktig å ta med seg når ein søkjer jobb.
– Som sogndøl må eg vel berre seie «stao no pao». Men for å svare ordentleg: Jobb hardt med journalistikken, men ta vare på deg sjølv undervegs. Du må stå på for å kome gjennom nålauga, men du må også ha litt flaks.

