– Eg fekk heilt sjokk. Eg hadde aldri trudd at det var eg som kom til å få jobben, så det var ei stor overrasking, seier Fride Kvamsøe Rekdal.
Ho starta som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i januar. I mai byrja ho i praksis i nyheitsredaksjonen til NRK Møre og Romsdal.
Då redaksjonen lyste ut ei ledig fast stilling, slengde Rekdal inn ein søknad. Og fekk jobben – medan ho enno var praktikant.
– Det er veldig stas. Mykje av sjokket eg fekk var jo nettopp derfor, eg hadde aldri trudd at eg skulle få fast jobb medan eg enno var praktikant, seier Rekdal.
Største omveltinga i livet
Fride Kvamsøe Rekdal er frå Rekdal i Romsdal og har alltid vore interessert i film og media. Etter å ha gått medie- og kommunikasjonslinja på vidaregåande i Molde, søkte ho seg inn på filmvitskap ved NTNU i Trondheim. Samstundes jobba ho på ei demensavdeling i sentrum. Der heldt ho og fram i nokre år etter at ho var ferdig med bachelorgraden.
– Men draumen om å jobbe i media forsvann aldri heilt, og eg byrja å kjenne meg klar for å prøve ut noko nytt. Og med det bestemte eg meg for å gripe sjansen og bli nynorskpraktikant i NRK, fortel Rekdal.
Etter eit halvt år som praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, hadde 27-åringen sommarvikariat i NRK i Ålesund. Så gjekk ho rett over i fast jobb som reporter same stad.
– Korleis har det vore å gå frå jobb i helsevesenet til journalistikk på så kort tid?
– Det har vore den største omveltinga i livet mitt, kanskje nokosinne. Men eg er glad for å ta med den erfaringa vidare inn i journalistikken, for den er gull verdt.
Plukka ut blant 43 søkjarar
– Det er ikkje ofte at praktikantar får fast jobb før dei er ferdige med praktikanthalvåret, så her har Fride vore på rett stad til rett tid. Men så er ho også svært dyktig. Ho er eit nyheitsmenneske med stort talent for journalistikk, seier Rune Fossum Lillesvangstu ved NRK Nynorsk mediesenter.
NRK hadde 43 søkjarar til jobben som fast nyheitsjournalist i Ålesund. I utlysinga heitte det mellom anna at «Du må ønske å løfte saker frå Møre og Romsdal til eit nasjonalt publikum og lage innhald som engasjerer og blir valt».
– Fride gjorde eit solid inntrykk under praksisperioden, både med idear og gjennomføring. Vi hadde ei sterk søkjarliste og landa på å gå for eit ungt nyheitstalent som passar godt til behova i redaksjonen. Så det er vi veldig godt fornøgde med, seier distriktsredaktør Charlotte Ervik.
Fride Kvamsøe Rekdal er allereie godt i gang i den nye jobben som nyheitsjournalist.
– No blir det fullt fokus på nyheitsjournalistikken framover. Det som er så fint med NRK, er at det finst nesten ingen grenser for kva ein kan gjere. Så eg gler meg til å sjå kor vegen går vidare, seier ho.
Alle på kullet held fram i NRK
Også dei andre praktikantane på kull 42 ved NRK Nynorsk mediesenter held fram som journalistar i NRK:
- Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd har årsvikariat i NRK Nordland
- Håkon Kummermo held fram som vikar i NRK Rogaland
- Regine Engelina Hatvik er tilkallingsvikar i NRK Direkte
- Magnus Vattekar Sandvoll er vikar i NRK Nyheiter



