– Det er tøft å få fast jobb i mediebransjen for tida, og desto meir gledeleg er det at tidlegare praktikantar kjem gjennom nålauget, seier Rune Fossum Lillesvangstu.
Han er leiar for NRK Nynorsk mediesenter, som driv med rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar for NRK.
Løftar fram nynorsken
I 2024 fekk ni tidlegare nynorskpraktikantar fast jobb i media.
Fem av dei faste tilsettingane var i NRK. I tillegg vanka det faste jobbar i ulike aviser og lokale medium. Og: Alle får bruke nynorsk i redaksjonane sine.
Desse tidlegare praktikantane fekk fast jobb i 2024:
- Ingrid Byggland - Vest-Telemark Blad
- Matilde Sunde Solsvik - Vårt Land
- Kasper Valestrand - avisa Nordhordland
- Guro Brattespe - riksavdelinga til NRK i Bergen
- Sunniva Skurtveit - NRK Trøndelag
- Sigrid Agnethe Hansen - iTromsø
- Magnus Stokka - NRK Rogaland
- Berit Helle Jonsbråten - NRK Rogaland
– Folk frå NRK Nynorsk mediesenter er skodde til å gjere ein god jobb, og dei er med på å løfte nynorsken rundt omkring i redaksjonane. Det er viktig. Og vi er stolte over at så mange har lagt grunnmuren i journalistikken hos oss, seier Rune Fossum Lillesvangstu.
Jobb i NRK og lokalavis
Éin av dei er Guro Brattespe. Ho gjekk på NRK Nynorsk mediesenter i 2020.
– Det var ekstremt moro. Opplæringa er intensiv, grundig og gull verdt. Eg hadde ikkje fått fast jobb i denne bransjen utan Nynorsk mediesenter, sa Brattespe då ho fekk jobb i riksavdelinga til NRK i Bergen.
Ingrid Byggland vart tilsett som journalist i Vest-Telemark Blad. Ho var glad for at ho fekk sjansen som nynorskpraktikant i NRK.
– Det at vi fekk opplæring og praksis på alle plattformer, gjer og at eg føler meg betre rusta som journalist, då det er større fokus på fleire plattformer også i lokalaviser, sa Byggland.
Sidan starten i 2004 har NRK Nynorsk mediesenter rekruttert og lært opp 205 nynorskbrukande journalistar. Ein stor del av dei har no fast jobb i NRK. Andre jobbar i TV 2, VG, andre riksmedium og lokalaviser.

