Full fyr i einebustad i Hyllestad i Ytre Sogn
Ein einebustad i Hyllestad har fått store skadar i ein brann.
To bebuarar kom seg ut av huset.
110 Vest opplyser at dei fekk melding om brannen klokka 11.48. Det er sendt mannskap frå tre stasjonar: Hyllestad, Lavik og Dale.
Utrykkingsleiar har rapportert at det er tjukk, metta røyk over mønet. – Det er like før det er overtenning av bustaden, seier vaktleiar Børre Brekkvassmo.
Det er ikkje fare for spreiing til andre hus i nærleiken, men det er ei garasje som kan vere i fare.
Klokka 12.48 melder politiet på staden at det brenner framleis, men brannvesenet har kontroll på at det ikkje er vidare spreiingsfare.
To bebuarar blir tilsett av ambulanse, men dei framstår som uskadde.
