– Vi er godt nøgde med talet på søkjarar, og ikkje minst kvaliteten på dei som søkte. Det er alltid kjekt med gode søknadar og sterke kandidatar å velje mellom, seier leiar for NRK nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.
Av 38 søkjarar er fem plukka ut etter søknads- og intervjurunden. Dei startar med opplæring i Førde måndag 18. august. I løpet av seks månadar kjem dei fleste av dei til å gå frå lite eller inga journalistisk erfaring til å ha ein solid grunnmur der dei kan lage saker på nett, radio og TV.
– Vi gler oss til dei kjem. Det blir kjekt å starte opplæringa og komme i gang med journalistikk, seier Lillesvangstu.

Faglærarane som skal stå for store delar av opplæring for kullet blir Eva Marie Felde (til venstre) og Brit Jorunn Svanes (til høgre). Rune Fossum Lillesvangstu (midten) er leiar på NRK Nynorsk mediesenter. I tillegg skal også Ole Kristian Svalheim bidra som faglærar.
Foto: Arne StubhaugDette er kull 43
Maren Braut (24) Klepp, Rogaland
Trombone-spelar, målungdom, avløysar og journalist er nokre av merkelappane rogalendingen kan bruke om seg sjølv. Ho er i innspurten på ein master i politisk kommunikasjon og har frå før ein bachelorgrad i statsvitskap. Ho har arbeidd med innhald og kommunikasjon på fleire av studiestadane, og har også vore journalist i Jærbladet.
– Eg gler meg til ein aktiv kvardag der eg får lære meir om eit felt eg allereie kjenner litt til og får vidareutvikle nynorsken min, seier Maren Braut.
Heidrun Sunde Stokke (25) Volda, Møre og Romsdal
Sunnmøringen bur for tida i Trondheim, der ho fullfører ein bachelorgrad i statsvitskap. Ho har allereie ein tilsvarande grad i tysk språk og litteratur, og ho har også studert friluftsliv. Ved sida av studiane har ho arbeidd på bibliotek, som støttekontakt og ikkje minst vore aktiv i Snaustrinda spelemannslag. Speidarrørsla har også vore viktig for ho, og ho har mellom anna prøvd seg som journalist i medlemsbladet.
– Eg ser fram til ei kjekk tid som praktikant der eg vil lære mykje eg kan ta med meg vidare som journalist, seier Heidrun Sunde Stokke.
Fredrik Kårstad Lilleaasen (24) Bygstad, Vestland
Sunnfjordingen har erfaring som sjåfør i transportselskap og hjelpearbeidar på omsorgssenter. Han både spelar og interesserer seg stort for fotball, helst spansk. Han er utdanna journalist og har arbeidd som frilansar i fleire lokalaviser i Oslo. Før han startar som praktikant har han sommarjobb som journalist i Nynorsk pressekontor.
– Eg håpar å få kjenne på nye og spanande utfordringar, og å få lage gode reportasjar, seier Fredrik Kårstad Lilleaasen.
Leona Møgster (19) Bømlo, Vestland
Bømlingen, busett på Askøy, skildrar seg sjølv som over snittet glad i nynorsk og journalistikk. Ho tek steget rett frå vidaregåande, via sommarjobb som journalist i Bømlo-nytt, og over til stillinga som nynorskpraktikant. Ho har også tidlegare prøvd seg i lokalavisa, der ho mellom anna har starta podkast. Ho har fleire år bak seg som frivillig under Nordiske Mediedager.
– Eg er veldig takknemleg for at eg får denne sjansen, og ser fram til nye utfordringar som journalist. Eg håpar å lære mykje nytt, og få ei oppfrisking i nynorsk etter å ha gått på vidaregåande i Bergen med bokmål som undervisningsspråk, seier Leona Møgster.
Marit Balsvik Winge (23) Elvran ved Stjørdal, Trøndelag
Klassisk gitar og turn har fylt både studium og fritid for trønderen. Ho kjem til Førde med ein bachelor i utøvande klassisk musikk og ei fersk pedagogisk utdanning. Gitaristen har også arbeidd som servitør ved sida av studium i Trondheim. No vil ho bruke lidenskapen for nynorsk, nyheiter og ståpåviljen sin til å bli journalist.
– Eg gler meg til å bli kjend med journalistmiljøet, NRK og Vestlandet. Eg forventar utfordringar, men gler meg til å utvikle meg som nynorskbrukar og journalist, seier Marit Balsvik Winge.
