Frå 4. mai må nordmøringane betale bompengar for å reise rundt i Kristiansund, noko mange er misnøgde med.
I 2024 blei ein stor bypakke til nesten 2 milliardar kroner vedtatt i bystyret. I juni gjekk den gjennom Stortinget.
Målet er betre flyt i trafikken, samt og gjere det lettare og tryggare å gå, sykle eller ta buss.
I skrivande stund har nesten 3000 skrive under på eit nytt opprop som nyleg er starta. Dei ønsker å stanse bypakka, for det er ikkje alle som trur dei får godt nok utbytte for 12 år med innkrevjing.



På Nordlandet er det planlagt at riksvegen skal gå frå rundkøyringa og gjennom skogen til Løkkemyra, og ikkje rundt til Melkvika som i dag.
Eirki Haukenes/NRK Luftfoto– Det blir ei flaskehals i kvar ende, og ekstra kollektivfelt på ein plass det ikkje går så mykje kollektivtrafikk. Det blir berre å flytte hovudvegen til ein annan plass.
Det seier Kristoffer Glomstad, som har tatt initiativ til underskriftskampanjen. Han bur på Nordlandet, som vil miste eit større grøntområde til prosjektet.
– Det er snart to år sidan det blei vedtatt?
– Det var ingen som hadde gjort det tidlegare. Håpet er at det kanskje ikkje er for seint enno. Eg har sett veldig mykje misnøye på nett, veldig få positive, seier Glomstad.
Dette svarte andre vi spurte i Kristiansund om bypakken:

Vi spurte folk i Kristiansund om bompengar og bypakken.
Snart byggestart
I august går dei i gang med første del av prosjektet. Området på Goma er først ut, der ein heilt ny skule stod klar i fjor.
Ordførar Kjell Neergaard avviser at det er mogleg å snu prosjektet, etter vedtak i tre instansar og eigedommar som alt er løyst inn.
– Eit stort fleirtal i bystyret har vedtatt å innføre bypakken. Det er fordi vi ønsker betre framkome, tryggare skulevegar og betre trafikksystem inn og ut av Kristiansund. Dette er einaste måten å gjere dette på.

Kjell Neergaard er ordførar i Kristiansund (Arbeidarpartiet).
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Blir trafikkflyten betre?
– Det har Statens vegvesen rekna ut at det skal bli, viss ikkje hadde vi ikkje innført ein slik pakke, seier Neergaard.
To bomstasjonar
Det blir plassert ut to bomstasjonar på plassar utan omkøyring. Éin blir på Omsundbrua mellom Frei og Nordlandet, og éin mellom Nordlandet og Kirkelandet/Goma.
– Det er forskjellsbehandling av folk. Du har mange som kanskje ikkje har dei ekstra tusen i månaden. Sentrum slit litt frå før av, og eg trur ikkje det blir betre med bompengar, seier Glomstad.

Dette er stadene som skal bli utbetra.
Illustrasjon: Statens VegvesenDet skal koste 27 kroner for å passere ein bom med diesel- eller bensinbil med avtale, og 19 kroner med elbil. I løpet av éin time betaler du ikkje for fleire passeringar. Maksimalt må du betale for 60 passeringar i løpet av ein månad.
Ordføraren seier han forstår dei som blir bekymra over auka utgifter.
– Det har eg full forståing for, det er aldri populært å innføre bompengar. Bommane er plassert slik at ein skal kunne køyre ungane på skulen, og kunne handle innanfor sin eigen bydel, svarer Neergaard.



På Rensvik er det planlagt ny rundkøyring med overgangsbru, ein undergang, samt gang- og sykkelbru ved Rensvikholmen.














