Milliardsatsing på kraft: – Måtte ta grep

Det er underskot på kraft i Møre og Romsdal. Tussa på Søre Sunnmøre svarar på dette med å bruke halvannan milliard kroner på eit nytt kraftverk som kan stå ferdig i 2030.

Sentrale Tussa-folk på kraftstasjonen

Toppsjefane i Tussa framfor den noverande kraftstasjonen på Bjørke i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er ein iskald dag på Bjørke på Sunnmøre. Gradestokken viser minus 11 grader. Her skal Tussa Energi bygge eit heilt nytt kraftverk.

Det eksisterande kraftverket nærmar seg slutten nemleg etter 65 år i drift.

– Vi treng ny kraft her, og vi treng kraftlinjer for å få straumen fram dit den skal. Så dette er to store utfordringar som vi må løyse fram over, seier konsernsjef Olav Osvoll.

Tussa-folk i samband med den store kraftutbygginga

Tussa-folk i samband med den store kraftutbygginga. Frå venstre kraftverkssjef Terje Myklebust, konsernsjef Olav Osvoll og prosjektleiar for Tussa Energi, Arild Høydal

Foto: Arne Flatin / NRK

Kraftunderskot i Møre og Romsdal

Det er snakk om ei utbygging til 1,55 milliardar kroner, der arbeidet startar seinare i år, med ei byggetid på tre og eit halvt år.

Osvoll seier dei måtte gjere noko.

– Møre og Romsdal har kraftunderskot, og med det gamle kraftverket som snart har nådd levetida si, måtte vi ta grep. Når vi ser på behova i samfunnet, så meiner vi den beste løysinga er å bygge eit nytt kraftverk på Bjørke, seier han.

Største utbygging nokon gong

Prosjektleiaren til Tussa Energi heiter Arild Høydal. Han peikar og forklarer kvar dei skal starte bygginga til sommaren. Det nye kraftverket skal byggast nokre kilometer frå der det gamle ligg.

Arild Høydal prosjektleiar Tussa Energi

Arild Høydal er prosjektleiar for Tussa Energi

Foto: Arne Flatin / NRK

Vi har aldri brukt meir straum her i landet enn det vi gjer no.

– Vi vil bygge ei portalbygning her som går inn i fjellet og derifrå skal vi sprenge oss 600 meter inn i fjellet og bygge det nye kraftverket der inne, seier han.

Dette er det største prosjektet til Tussa nokon gong, og vert ei utfordrande oppgåve for selskapet.

Det eksisterande Tussa kraftverk, vart bygd i perioden 1957 til 1961, og har vorte modernisert fleire gonger, seinast i 2018.

Det nye kraftverket skal byggast og driftast uavhengig av dagens kraftverk. Det eksisterande anlegget vil gjennomgå nødvendig vedlikehald og tilpassingar for å kunne levere kraft på ei ny 132 kV-linje, opplyser konsernet.

Teikning av den nye kraftstasjonen på Bjørke

Teikning av den nye kraftstasjonen på Bjørke.

Grafikk: Tussa Energi

Reknar med stor auke i forbruket i åra som kjem

Magnus Buvik er seksjonssjef i Noregs Vassdrags og Energidirektorat (NVE). Han seier at planane til Tussa på Bjørke er i tråd med den utviklinga ein ser om at kraftbehovet aukar.

– I dag har Noreg eit overskot av kraft normalt sett, noko som betyr at vi produserer meir enn vi brukar. Men vi ventar at det vert behov for meir kraft til mellom anna elektrifisering av transportsektoren, etablering av ny industri og ein generell forbruksvekst.

– Det spesielle med Møre og Romsdal er at det er underskot på kraft. Årsaka til dette er at Møre og Romsdal og Trøndelag ikkje har like stor tilgang til vasskraft som resten av landet. Derfor er det i periodar underskot på kraft, seier Buvik.

Magnus Buvik, NVE

Magnus Buvik er seksjonsleiar i NVE

Foto: Herman Dreyer/NVE

–Vi i NVE ser ei aukande interesse frå mange kraftselskap i landet om anten å bygge ut nye anlegg eller å oppgradere eksisterande.

Dei reknar også med at forbruket kjem til å auke mykje dei neste 25 åra, mot år 2050.

– Vi har i vår siste analyse anslege at vi treng 190 TWh, medan forbruket i fjor til dømes var på om lag 140 TWh.

1 TWh (terawattime) er ei enorm mengde energi, nærmare bestemt 1 milliard kilowattimar (kWh). Dette tilsvarer det årlege straumforbruket til om lag 50.000 til 60.000 norske hushaldningar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

En person sitter på en stein i snødekte fjellomgivelser, iført svart klær. Det er en rød hytte i bakgrunnen, omgitt av fjell. Personen har en protese på det ene benet og utstyr som inkluderer sekk og hjelm i nærheten. Sollyset skaper en varm atmosfære til scenen.

Bernt (28) fekk tre månader på å rekke Paralympics: – Set livet på pause