Ein til sjukehus etter bustadbrann i Ålesund
Naudetatane er framme på ein bustad i Ålesund etter melding om at det skal ha komme røyk derifrå.
– Det har vore ein brann som er sløkt, ein person er tatt ut og tatt hand om av helsevesenet, seier Sindre Kongshaug i 110-sentralen.
Personen skal ha blitt utsett for røyk. Det skal ha vore naboar som meldte frå.
– Brannen i seg sjølv var ikkje så veldig stor, men det var ein del røyk i bustaden, seier innsatsleiar i brannvesenet Gisle Skrede.












