Lov om kabelsendingar.

DatoLOV-1988-06-10-46
DepartementKulturdepartementet
Ikrafttredelse15.10.1988
Sist endretLOV-1992-12-04-127 fra 01.01.1994
EndrerLOV-1980-06-13-36
KorttittelKabelsendingsloven

Loven er opphevet av lov 4 des 1992 nr. 127 fra 1 jan 1994.

§ 1.Verkeområde

Med kabelsending er meint kringkastingssending i kabelnett.

Kabelnett som er avgrensa til 25 bygningar og/eller 100 husstandar, er ikkje omfatta av denne lova.

Tele- og datatenester er ikkje omfatta av denne lova.

Kongen avgjer i forskrift eller enkeltvedtak​1 kva som i tvilstilfelle skal reknast som kabelsending.

Kongen kan gi reglar om at lova heilt eller delvis skal gjelda på Svalbard og på den norske delen av kontinentalsokkelen.

1Jfr. lov 10 feb 1967 § 2.

§ 2.​1Rett til formidling

Alle tilgjengelege sendingar som oppfyller vilkåra for lovleg kringkastingssending, kan formidlast i kabelnett samtidig og uendra.

Avtalar om formidling av kringkastingssendingar frå satellitt skal innehalda ein klausul om at norske kabelnett kan slutta seg til avtalen på like vilkår.

Kringkastingssendingar som først tek til i kabelnettet, kan berre formidlast dersom sendeselskapet har rett til å drive kringkastingsverksemd etter lov av 13. juni 1980 nr. 36 eller etter lov av 27. november 1987 nr. 71 om nærkringkasting.

Reglane om Klagenemnda for kringkastingsprogram i kringkastingslova kap. 4 og i lov om nærkringkasting § 8 gjeld for sendingar frå norske sendeselskap.

Kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, kan formidla informasjon om drifta av anlegget eller nye programtilbod.

1Endra med lover 9 juni 1989 nr. 33, 21 des 1990 nr. 77 (i kraft 19 april 1991 iflg. res. 19 april 1991 nr. 225).

§ 3.Formidlingspliktige kringkastingssendingar

Kongen kan i forskrift gi reglar om at visse kringkastingssendingar skal formidlast i kabelnettet, og dei nærmare vilkåra for formidlinga. Nærkringkastingsnemnda​1 kan i særlege tilfelle redusera talet på formidlingspliktige programkanaler.

Kongen kan i forskrift gi reglar om avgift på formidling av betalingsfjernsyn, reglar for innkrevjing av slik avgift og korleis midlane skal nyttast.

Kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, skal senda viktige meldingar frå offentleg styresmakt etter reglar Kongen fastset.

1Sjå lov 27 nov 1987 nr. 71 § 5.

§ 4.​1Val av kabelsendingar

Abonnentane kan fastsetja kva for kabelsendingar som skal formidlast i kabelnettet i tillegg til eventuelle formidlingspliktige sendingar med heimel i § 3. Kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, skal opplysa abonnentane om dei tilgjengelege sendingane og vilkåra for mottak og formidling av dei.

Kongen kan i forskrift gi reglar om framgangsmåte m.m. ved val av kabelsendingar.

1Endra med lov 9 juni 1989 nr. 33.

§ 5.​1Ulovlege kabelsendingar

Nærkringkastingsnemnda​2 kan forby formidling av kabelsendingar som

a.jamleg inneheld reklame i strid med norsk lov,
b.jamleg inneheld program med pornografisk eller valdeleg innhald som er i strid med norsk lov,
c.jamleg inneheld program som kan vera skadelege for born og ungdom på tidspunkt born eller ungdom er ei dominerande sjåargruppe.

Nærkringkastingsnemnda​2 kan gjera forbodet tidsavgrensa, eller oppheva forbodet dersom grunnlaget for forbodet har falle bort.

Kongen kan i forskrift avgjera tvilsspørsmål etter denne paragrafen.

Kongen kan i forskrift gi nærmare reglar om reklame i kabelsendingar.

1Endra med lov 9 juni 1989 nr. 33.
2Sjå lov 27 nov 1987 nr. 71 § 5.

§ 6.​1Klagerett

Abonnentar og kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, kan klaga over avgjerd som gjeld formidling av kabelsendingar etter denne lova, medrekna avgjerd om val av kabelsendingar.

Fristen for å klaga over formidling av kabelsendingar med innhald som nemnt i § 5 første leddet er to veker frå den dagen då programmet vart formidla i kabelnettet.

Kongen kan i forskrift gi reglar om avgrensingar i klageretten.

1Endra med lov 9 juni 1989 nr. 33.

§ 7.Klageorgan

Nærkringkastingsnemnda​1 skal behandla klager sette fram i medhald av § 6. Kongen kan i forskrift gi reglar om saksbehandling for klagesaker.

Partane skal retta seg etter pålegg og vedtak frå Nærkringkastingsnemnda.​1

1Sjå lov 27 nov 1987 nr. 71 § 5.

§ 8.​1Straff

Den som med forsett eller aktlaust bryt reglar i denne lova eller i forskrifter gitt med heimel i denne lova eller pålegg og vedtak som Nærkringkastingsnemnda​2 gjer, blir straffa med bøter​3 eller fengsel opp til seks månader.

1Endra ved lov 20 juli 1991 nr. 66 (i kraft 15 okt 1991 iflg. res. 6 sep 1991 nr. 571).
2Sjå lov 27 nov 1987 nr. 71 § 5.
3Jfr. strl. § 27.

§ 9.Ikraftsetjing

Lova blir sett i kraft frå den tid​1 Kongen fastset.

Frå same tidspunkt blir det gjort følgjande endringar – – –

1I kraft 15 okt 1988, etter res. 7 okt 1988 nr. 770.