Trenger du brukerveiledning?
Få svar på ofte stilte spørsmål her (FAQ)
Lovdata kan dessverre ikke svare på spørsmål angående juridiske problemer. Lovdata kan heller ikke bidra med å tolke regelverket eller finne frem til rettsregler som passer i et bestemt tilfelle. Kontakt den offentlige etaten spørsmålet gjelder, eventuelt advokat eller rettshjelper hvis du har behov for slik bistand.
Fant du ikke det du lette etter?
Send en e-post til support@lovdata.no
Lov om kabelsendingar.
Loven er opphevet av lov 4 des 1992 nr. 127 fra 1 jan 1994.
§ 1.Verkeområde
Med kabelsending er meint kringkastingssending i kabelnett.
Kabelnett som er avgrensa til 25 bygningar og/eller 100 husstandar, er ikkje omfatta av denne lova.
Tele- og datatenester er ikkje omfatta av denne lova.
Kongen avgjer i forskrift eller enkeltvedtak1 kva som i tvilstilfelle skal reknast som kabelsending.
Kongen kan gi reglar om at lova heilt eller delvis skal gjelda på Svalbard og på den norske delen av kontinentalsokkelen.
§ 2.1Rett til formidling
Alle tilgjengelege sendingar som oppfyller vilkåra for lovleg kringkastingssending, kan formidlast i kabelnett samtidig og uendra.
Avtalar om formidling av kringkastingssendingar frå satellitt skal innehalda ein klausul om at norske kabelnett kan slutta seg til avtalen på like vilkår.
Kringkastingssendingar som først tek til i kabelnettet, kan berre formidlast dersom sendeselskapet har rett til å drive kringkastingsverksemd etter lov av 13. juni 1980 nr. 36 eller etter lov av 27. november 1987 nr. 71 om nærkringkasting.
Reglane om Klagenemnda for kringkastingsprogram i kringkastingslova kap. 4 og i lov om nærkringkasting § 8 gjeld for sendingar frå norske sendeselskap.
Kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, kan formidla informasjon om drifta av anlegget eller nye programtilbod.
§ 3.Formidlingspliktige kringkastingssendingar
Kongen kan i forskrift gi reglar om at visse kringkastingssendingar skal formidlast i kabelnettet, og dei nærmare vilkåra for formidlinga. Nærkringkastingsnemnda1 kan i særlege tilfelle redusera talet på formidlingspliktige programkanaler.
Kongen kan i forskrift gi reglar om avgift på formidling av betalingsfjernsyn, reglar for innkrevjing av slik avgift og korleis midlane skal nyttast.
Kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, skal senda viktige meldingar frå offentleg styresmakt etter reglar Kongen fastset.
§ 4.1Val av kabelsendingar
Abonnentane kan fastsetja kva for kabelsendingar som skal formidlast i kabelnettet i tillegg til eventuelle formidlingspliktige sendingar med heimel i § 3. Kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, skal opplysa abonnentane om dei tilgjengelege sendingane og vilkåra for mottak og formidling av dei.
Kongen kan i forskrift gi reglar om framgangsmåte m.m. ved val av kabelsendingar.
§ 5.1Ulovlege kabelsendingar
Nærkringkastingsnemnda2 kan forby formidling av kabelsendingar som
Nærkringkastingsnemnda2 kan gjera forbodet tidsavgrensa, eller oppheva forbodet dersom grunnlaget for forbodet har falle bort.
Kongen kan i forskrift avgjera tvilsspørsmål etter denne paragrafen.
Kongen kan i forskrift gi nærmare reglar om reklame i kabelsendingar.
§ 6.1Klagerett
Abonnentar og kabeleigar eller den som disponerer kabelnettet, kan klaga over avgjerd som gjeld formidling av kabelsendingar etter denne lova, medrekna avgjerd om val av kabelsendingar.
Fristen for å klaga over formidling av kabelsendingar med innhald som nemnt i § 5 første leddet er to veker frå den dagen då programmet vart formidla i kabelnettet.
Kongen kan i forskrift gi reglar om avgrensingar i klageretten.
§ 7.Klageorgan
Nærkringkastingsnemnda1 skal behandla klager sette fram i medhald av § 6. Kongen kan i forskrift gi reglar om saksbehandling for klagesaker.
Partane skal retta seg etter pålegg og vedtak frå Nærkringkastingsnemnda.1
§ 8.1Straff
Den som med forsett eller aktlaust bryt reglar i denne lova eller i forskrifter gitt med heimel i denne lova eller pålegg og vedtak som Nærkringkastingsnemnda2 gjer, blir straffa med bøter3 eller fengsel opp til seks månader.
§ 9.Ikraftsetjing
Lova blir sett i kraft frå den tid1 Kongen fastset.
Frå same tidspunkt blir det gjort følgjande endringar – – –