Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter [vass- og kloakkavgiftslova].

DatoLOV-1974-05-31-17
DepartementMiljøverndepartementet
Sist endretLOV-2012-03-16-12 fra 01.07.2012, LOV-2008-06-27-71 fra 01.07.2010
KorttittelVass- og kloakkavgiftslova.

Loven er oppheva med lov 16 mars 2012 nr. 12 (ikr. 1 juli 2012, etter res. 16 mars 2012 nr. 239).

§ 1.

Når ein fast eigedom har tilknyting til kommunal vass- eller kloakkleiding, anten beinveges eller gjennom privat samleiding, har eigaren skyldnad til å svare vass- og kloakkavgift til kommunen.​1 Det same gjeld når når kommunen med heimel i plan- og bygningslova​2 §§ 27-1 eller 27-2, har kravd at eigedomen skal ha slik tilknyting. Avgift kan krevjast jamvel av eigedom som det ikkje er hus på, når kommunen kunne kravd tilknyting til slike leidingar om det hadde vore hus på eigedomen. Er det ikkje bygd på eigedomen av di det, i lov eller i vedtak av offentleg styresmakt, er sett forbod mot bygging, kan det ikkje krevjast avgift så lenge forbodet gjeld. Det same gjeld når byggjehindringa er annan serleg grunn som eigaren ikkje har ansvaret for.

Avgift kan og krevjast for eigedom som slepp ut avløpsvatn i vassdrag når kommunen legg vassdraget i lukka leidning.

Når ikkje anna er avtala, skal avgift for bortfest grunn​3 svarast av festaren og ikkje av eigaren, i fall festaren har arvefeste eller festerett for så lang tid at det er att minst 30 år av festetida rekna frå den tid avgiftsskyldnaden kom opp. Det same gjeld når avtala gjev festaren rett til å krevja festetida lengd så mykje at det vert att ei festetid på minst 30 år som nemnt, om festaren gjer bruk av retten sin.

Kommunen kan ta bort alt eller noko av avgifta for eigedom som det ikkje er hus på.

0Endra med lover 11 juni 1993 nr. 85, 5 mai 1995 nr. 20 (ikr. 1 juli 1997), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 18 juni 2010 nr. 896) som endra med lov 8 mai 2009 nr. 27.
1Jf. lov 25 sep 1992 nr. 107.
2Lov 27 juni 2008 nr. 71.
3Jf. lov 20 des 1996 nr. 106.

§ 2.

Avgiftene skal vera eingongsavgifter for tilknyting og årlege avgifter.

Kongen fastset i forskrift råma for avgiftene og hovudreglane om utrekning og innkreving. Likeeins kan Kongen​1 fastsetje andre føresegner til gjennomføring av lova.

1Miljøverndepartementet, etter res. 6 sep 1974 nr. 14.

§ 3.

Kommunen fastset i forskrift storleiken på avgiftene i kommunen og gjev nærare reglar om gjennomføring av avgiftsvedtaket og innkreving av avgiftene.

0Endra med lover 17 mars 1989 nr. 11, 15 mars 2002 nr. 5 (ikr. 1 apr 2002, etter res. 15 mars 2002 nr. 270).

§ 4.

Forfalt krav på årsavgift etter denne lova er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova​1 § 6-1. Både årsavgift og eingongsavgift for tilknytning er elles tvangsgrunnlag for utlegg.​2 Avgiften kan krevjast inn av kommunekasseraren etter reglane for innkrevjing av skatt.​3

0Endra med lover 8 feb 1980 nr. 2, 26 juni 1992 nr. 86.
1Lov 8 feb 1980 nr. 2.
2Jf. tvangsl. § 7-2, e.
3Jf. sktbl.

§ 5.

1. Kongen fastset kva tid lova tek til å gjelda.​1
2. Når lova vert sett i kraft er bygningslova av 18 juni 1965 nr. 7​2 endra såleis: – – –.
1Frå 6 sep 1974 etter res. 6 sep 1974.
1Frå 6 sep 1974 etter res. 6 sep 1974.
2Sjå no lov 27 juni 2008 nr. 71.
2Sjå no lov 27 juni 2008 nr. 71.