Lov om lensmenn.

DatoLOV-1961-06-16-7
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Ikrafttredelse01.01.1962
Sist endretLOV-2004-06-25-53 fra 01.01.2006
KorttittelLensmannsloven.

Loven er opphevet av lov 25 juni 2004 nr. 53 (i kraft 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901). – Jfr. tidlegare lover 15 juni 1878 nr. 3, 30 juni 1884.

§ 1.

Lensmenn skal vera norske borgarar​1 og må ikkje vera frådømde røysterett i offentlege saker.​2

1Jfr. lover 8 des 1950 nr. 3 og 25 mai 1979 nr. 19, 10 juni 2005 nr. 51.
2Jfr. lov 28 juni 2002 nr. 57 § 2-1 og strl. § 31.

§ 2.

Lensmenn vert tilsette av eit tilsettingsråd. Rådet vert leia av politimeisteren og er elles sett saman etter reglane i tenestemannslova​1 § 5.

0Endra med lov 4 aug 1995 nr. 53 (i kraft 1 okt 1995).
1Lov 4 mars 1983 nr. 3.

§ 3.

Vert dei i tilsetjingsrådet ikkje samde, kan kvart einskildmedlem klaga saka inn for departementet.​1 I slike tilfelle kan ikkje nokon annan tilsetjast enn ein av dei det stod mellom i rådet.

Er det mellom søkjarane nokon som etter § 9 i lov om statens tenestemenn​2 er sagt opp frå lensmannsstilling eller nokon som har fått varsel frå departementet om at slik oppseiing kan koma på tale, og vil rådet tilsetja nokon annan, skal saka inn for departementet til endeleg avgjerd.

0Endra med lover 10 juni 1977 nr. 65, 4 aug 1995 nr. 53 (i kraft 1 okt 1995).
1Justisdepartementet.
2Lov 4 mars 1983 nr. 3.

§ 4.

Lensmenn må ikkje ha nokon attåtpost eller driva attåtverksemd utan samtykke frå politimeisteren.

Kongen gjev nærare reglar om den retten politimeisteren skal ha til å gje samtykke etter fyrste leden og kan fastsetja at visse former for attåtverksemd skal kunne drivast utan slikt samtykke eller ikkje kunne drivast i det heile.

Dei avgjerdene politimeisteren tek etter fyrste leden, kan klagast inn for departementet.​1

0Endra med lover 2 mars 1973 nr. 12, 11 juli 1986 nr. 52, 4 aug 1995 nr. 53 (i kraft 1 okt 1995).
1Politidirektoratet iflg. vedtak 16 nov 2000 nr. 1152.

§ 5.​1

Kongen gjev føresegner om kor langt ein lensmann kan setja tenestemennene ved lensmannskontoret til slike gjeremål som med lov er lagde til lensmennene.

1Jfr. tvangsl. § 2-2.

§ 6.

1.Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset. – – –
0Lova gjeld frå 1 jan 1962, etter res. 22 des 1961.