Tiltaket gjeld tilrettelegging på dyrka mark og innmarksbeite. Reirlokaliteten/godkjent areal kan ikkje sprøytast med ugrasmiddel før etter hekkesesongen er avslutta og fuglane er reiste. Arealet det blir gitt tilskot for skal ha reir med egg/ungar av vipe, åkerrikse eller storspove.
Reir med egg/ungar av artane vipe, åkerrikse eller storspove på dyrka mark eller innmarksbeite som søkar disponerer.
b.
Bilde av markerte reir skal leggjast ved søknaden, og dato for bilda skal førast i merknadsfeltet i søknaden. For lokalitetar med meir enn 5 reir er det nok å sende inn representative bilde som syner at det er reir innanfor lokaliteten. Krav om bilde kan erstattast av skriftleg uttale frå Statsforvaltar eller Birdlife (sett fugle og sannsynleg at hekking har skjedd på jordbruksarealet i søknadsåret).
Produksjonsperioden skal vare i minst fire veker per støl per sesong. Mjølka som blir produsert skal leverast til meieri eller bli omsett som foredla produkt. Produksjonen skal tilsvare minimum 45 liter kumjølk, 25 liter geitemjølk eller 15 liter sauemjølk i døgnet per støl.
Ein støl skal ha eige driftsapparat, og beiteområda som dyra nyttar i samband med stølsdrifta skal ikkje overlappe med beita som dyra ville ha nytta i samband med mjølking i hovuddriftsbygningen på føretaket. Dersom føretaket driv meir enn ein støl, skal heller ikkje beiteområda mellom dei to stølane overlappe Det må vere minst 1 kilometer reiseavstand mellom driftsbygningen og stølen. Dersom eit føretak driv meir enn ein støl, må det og vere minst 1 kilometer reiseveg mellom kvar støl. Det vesentlege av næringstrongen til dyra skal vere dekka gjennom beiting.
Forskrift om endring i forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestland
Heimel: Fastsett av Statsforvaltaren i Vestland 7. september 2026 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18, jf. delegeringsvedtak 23. november 2018 nr. 1751.
I
I forskrift 1. juli 2023 nr. 1211 om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestland blir det gjort følgande endringar:
§ 15 andre ledd skal lyde:
Tiltaket gjeld tilrettelegging på dyrka mark og innmarksbeite. Reirlokaliteten/godkjent areal kan ikkje sprøytast med ugrasmiddel før etter hekkesesongen er avslutta og fuglane er reiste. Arealet det blir gitt tilskot for skal ha reir med egg/ungar av vipe, åkerrikse eller storspove.
§ 15 fjerde ledd bokstav a og b skal lyde:
§ 16 andre og tredje ledd skal lyde:
Produksjonsperioden skal vare i minst fire veker per støl per sesong. Mjølka som blir produsert skal leverast til meieri eller bli omsett som foredla produkt. Produksjonen skal tilsvare minimum 45 liter kumjølk, 25 liter geitemjølk eller 15 liter sauemjølk i døgnet per støl.
Ein støl skal ha eige driftsapparat, og beiteområda som dyra nyttar i samband med stølsdrifta skal ikkje overlappe med beita som dyra ville ha nytta i samband med mjølking i hovuddriftsbygningen på føretaket. Dersom føretaket driv meir enn ein støl, skal heller ikkje beiteområda mellom dei to stølane overlappe Det må vere minst 1 kilometer reiseavstand mellom driftsbygningen og stølen. Dersom eit føretak driv meir enn ein støl, må det og vere minst 1 kilometer reiseveg mellom kvar støl. Det vesentlege av næringstrongen til dyra skal vere dekka gjennom beiting.
§ 19 andre ledd skal lyde:
Føretaket skal ha dokumentasjon i form av gjødseljournal etter § 27 i forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
§ 20 første ledd siste punktum skal lyde:
Arealet skal haustast ved slått eller beitast etter siste spreiing i søknadsåret.
§ 20 andre ledd skal lyde:
Føretaket skal ha dokumentasjon i form av gjødseljournal etter § 27 i forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
§ 21 første ledd siste punktum skal lyde:
Arealet skal haustast ved slått eller beitast etter siste spreiing i søknadsåret.
§ 21 andre ledd skal lyde:
Føretaket skal ha dokumentasjon i form av gjødseljournal etter § 27 i forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
§ 25 blir oppheva.
§ 26 blir oppheva.
§ 27 skal lyde:
§ 27.Utmåling og utbetaling av tilskot
Tilskotet blir rekna ut etter satsar fastsett årleg av statsforvaltaren. Tilskot skal berre gjevast for det året tiltaket blir gjennomført.
Feilstava ord «daa» i §§ 9, 15 og 17 rettast til «dekar».
II
Forskrifta trer i kraft 7. september 2026.