Norsk Lovtidend logo

Lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

DatoLOV-2003-01-31-10
DepartementUtdannings- og forskningsdepartementet
PublisertI 2003 hefte 2 s 175
Ikrafttredelse31.01.2003
EndrerLOV-1998-07-17-61
Kunngjort31.01.2003
Journalnr2002-1360
KorttittelEndringslov til opplæringslova

Ot.prp.nr.94 (2001–2002), Innst.O.nr.43 (2002–2003) og Besl.O.nr.52 (2002–2003). Odels- og lagtingsvedtak hhv. 16. og 19. desember 2002. Fremja av Utdannings- og forskingsdepartementet.

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar: 

§ 2-1 sjette ledd blir oppheva. 

Ny § 2-15 skal lyde:

§ 2-15.Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa. 

§ 13-1 første ledd skal lyde:

Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 13-2 og 13-3 a.

II

Lova trer i kraft straks.