Norsk Lovtidend logo

Lov om endring i lov om jordskifte o.a. av 21. desember 1979 nr. 77.

DatoLOV-1983-05-06-22
DepartementLandbruksdepartementet
PublisertAvd I 1983 Nr. 10
Ikrafttredelse30.06.1983
EndrerLOV-1979-12-21-77
Gjelder forNorge
Kunngjort30.05.1983
KorttittelEndringslov til jordskifteloven

Ot.prp.nr.38 (1982–1983), Innst.O.nr.57 (1982–1983) og Besl.O.nr.61 (1982–1983). Odels- og Lagtingsvedtak hhv. 21. og 25. april 1983. Fremmet av Landbruksdepartementet.

I.

Lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a., ny § 74 skal lyde:

For jordskiftesak behandla ved jordskifterett skal ein betale 2 gonger rettsgebyret og 1 gong rettsgebyret pr. part.

For grensegangssak behandla ved jordskifterett skal ein betale 2 gonger rettsgebyret og 1 gong rettsgebyret pr. påbegynt km merka grense.

For sak behandla ved jordskifteoverrett skal ein betale 4 gonger rettsgebyret.

For stadfesting av minneleg jordskifte skal ein betale 2 gonger rettsgebyret.

Dersom saka blir trekt tilbake eller nekta fremma skal ein betale 1 gong rettsgebyret.

Jordskifteretten kan endre tilleggsgebyra dersom mengda av arbeid avvik særs mykje frå det vanlege.

Partane betaler jordskiftekostnadene så nær som fast kontorhald, porto, telefon og løn, skyss- og kostpengar til tenestemennene.

II

Denne lov trer i kraft 1. mai 1983.