I ei tid med aukande global spenning, økonomisk uvisse og ein fragmentert mediemarknad, blir allmennkringkastinga viktigare enn før for å leggje til rette for ei felles offentlegheit.
NRK skal styrke demokratiet og fellesskapskjensla ved å skape store fellesopplevingar. Gjennom sport, kultur og underhaldning på alle plattformer skal vi samle folket på tvers av alder og geografi året rundt.
NRK skal styrke demokratiet ved å tilby truverdig journalistikk som gjev folk eit felles faktagrunnlag. I ei tid prega av uvisse og desinformasjon skal vi forklare samtida, skape dialog og vere til stades på alle plattformer med nyansert innhald.
NRK skal skilje seg ut ved å bruke sitt særlege ansvar for norsk og samisk språk og kultur som eit fortrinn. Vi skal vinne konkurransen om merksemda ved å vere nyskapande, eksperimentere med nye format og skape historier som set spor hos publikum i heile landet.
NRK må nå betre ut til dei yngre målgruppene for å sikre deira tilknyting til norsk samfunn og demokrati. Vi skal møte den internasjonale konkurransen med innhald som er spesielt tilpassa deira behov på alle plattformer.
Dette oppdraget er definert både gjennom ein eigen NRK-plakat og gjennom NRKs vedtekter.
NRK sine hovudmål ligg fast:
- NRK styrkjer og utviklar demokratiet
- NRK lyfter og gjer norsk og samisk språk og kultur rikare
- NRK samlar og engasjerer alle som bur i Noreg
Sjå:
Nye strategiske innsatsområder
Sidan 2025 har NRK arbeidd meir heilskapleg med å sjå organisasjonsutvikling og publikumsambisjonar i samanheng. Strategien skal sikre betre utnytting av dei samla ressursane og omfattar både kva vi leverer og korleis vi jobbar:
- Tilpasse innhaldstilbodet: Sikre digital vekst ved å møte publikum med engasjerande innhald på dei flatene dei bruker.
- Tydeleggjere plattformene: Definere kva nrk.no, NRK TV og NRK Radio skal vere best på saman og kver for seg, for å utnytte styrken i medietilbodet.
- Gjere innhaldet meir synleg: Gennomføre systematiske fellesløft for å stå ut i ein global mediekonkurranse.
- Jobbe smartare med teknologi: NRK skal gjennom eit historisk teknologiløft for å endre arbeidsflyt og samarbeide på nye måtar.
- Betre samarbeid og prioriteringar: Utnytte samarbeidspotensialet gjennom tydelegare prosessar og felles, heilskaplege prioriteringar.
- Sikre effektiv drift: Bruke ressursane slik at kvar krone skaper mest mogleg verdi for publikum på kort og lang sikt.
Ved å satse på desse seks innsatsområda vil vi lukkast med å nå målet om å veljes av fleire, kvar dag.



