Dømt for mishandling av sonen sin
Ein mann i 40-åra frå Sunnmøre er dømt til fengsel i eitt år for mishandling i nære relasjonar.
Ifølge dommen var han i fleire år valdeleg, truande og krenkande mot sonen sin.
Mannen erkjente ikkje straffskuld under rettssaka mot han.
Retten la vekt på forklaringa til barnet og ein rekke vitneforklaringar.
Dei meinte at det var bevist at den fornærma hadde blitt utsett for gjentatte fysiske og psykiske krenkingar. Dei har lagt til grunn at oppdraginga blei prega av kjefting, sinneutbrot og nedsettande kommentarar. Retten la også vekt på guten sin unge alder då dette skjedde.
I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale 120.000 kroner i erstatning til sonen sin.











