Sjåartal-blemme for ESC
Sjåartala for ESC-finalen var høgare enn først meldt.
– På grunn av ein teknisk feil hos leverandøren vår, var sjåartala me sende ut for ESC-finalen laurdag dessverre ikkje riktige.
Det seier kommunikasjonsrådgjevar i NRK, Vetle Nielsen.
Opphavleg blei det meldt at ESC-finalen i år hadde 676.000 sjåarar i snitt.
Det faktiske talet var på 744.00 sjåarar ifølge Nielsen.
Sjåartoppen då Noreg sto på scena var på 903.000 sjåarar medan 1.526.000 var innom sendinga.





