Dei siste åra har tenesta blitt stadig vanskelegare å halde ved like for NRK, og det har ført til mange tekniske feil. Teknologien er gamal og svært krevjande å få til å fungere med saman med resten av NRKs system. Faren for enda fleire alvorlege feil er overhengande, og NRK ønsker derfor å avvikle tenesta.
All informasjon som er tilgjengeleg på tekst-TV i dag er også tilgjengeleg på nrk.no.
Under er lenker til ulike oversikter på nrk.no:
Nyheiter og sportsnyheiter i kortformat finn du her:
Hugs at du også får nyheiter på NRKs mange radiokanalar og på TV-kanalane våre.
Har du brukt tekst-TV til teksting av program?
NRK tekstar alt, men for å få teksting heretter må du skru på tekstinga i ein meny på TV-en din. Sjå her for forklaring på korleis du får tekst på TV-en: Slik aktiverer du undertekster
Bruker du denne framgangsmåten å få undertekst på, forsvinn ingen ord eller teikn, slik som det av og til kan gjere med tekst-TV-undertekst. Har du først aktivert undertekst via TV eller dekodar, vil dei fleste apparat hugse innstillinga. Det vil med andre ord ikkje vere nødvendig å aktivere teksting kvar gong slik som på tekst-TV.
Ring Publikumsservice om du treng hjelp: 23 04 70 00.

