Anmeldelse

Energisk detektivknask

«Young Sherlock» er underhaldande og eventyrlysten, men når ikkje heilt til topps.

En ung mann i dress, frakk og bowlerhatt går gjennom en park. Bak ham trekker to hester en gammeldags vogn.
Foto: Daniel Smith/Prime
Terningkast 4 Serie

«Young Sherlock»

Sesong 1

Krim, action

4. mars 2026

Prime Video

Sherlock Holmes er tilbake på skjermen. Og som tittelen seier, er det ein ung, upolert, 19 år gammal detektivspire vi møter i denne serien, spilt av Hero Fiennes Tiffin.

Før me går i gang her, er det verdt å nemne at alt eg veit om Sherlock Holmes, er oppspart frå populærkultur og å ha spelt «The Great Ace Attorney».

Eg er altså ikkje utstyrt til å vurdere kor godt «Young Sherlock» gjer det som adaptasjon av denne ikoniske litterære skikkelsen.

En mann i vintage-kledninger sitter ved et trebord i et svakt belyst rom. Han har en gaslampe og speil foran seg, og ser ut til å være i dyp refleksjon. Omgivelsene er preget av gamle gjenstander og en uordentlig stil. Lysstråler fra vinduet skaper en dramatisk atmosfære i rommet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

STORE SKO: Hero Fiennes Tiffin har fått rolla som Sherlock Holmes i serien. Før har blant anna Benedict Cumberbatch, Robert Downey jr. og Christopher Lee spela detektiven.

Foto: Daniel Smith/Prime

Som energisk og veldig britisk detetektivknask, kan eg derimot anbefale han. Med nokre atterhald.

Den unge herr Holmes

Sherlock er nyleg ute av fengsel for eit relativt uskyldig stykke småkriminalitet, og broren Mycroft (Max Irons) skaffar han ein plass på universitet i Oxford. Ikkje som student, men som hjelpegut.

Les òg «Stor skuespillerkunst»

En kvinne og en mann står mot hverandre i skogen.

Jobben er ikkje glamorøs, men Sherlock veit å sjarmere seg inn i liva til andre. Spesielt ein jamaldrande student, James Moriarty (Dónal Finn), let seg fascinere.

Det er ikkje så rart, for det er definitivt mykje som går føre seg oppe i hovudet til Sherlock.

En kvinne og to menn i pene, gammeldagse klær står på en gate og ser forskrekket mot noe utenfor bildet. Bak dem sitter mennesker på huk, blant dem to menn som lader lange geværer. I lufta er det små hvite fnugg av aske.

UT I VERDA: James Moriarty (Dónal Finn), Cordelia Holmes (Natascha McElhone) og Sherlock i trøbbel.

Foto: Daniel Smith/Prime

Hans unike etterforskingsevner og hukommelse opptrer i form av minner der han sjølv kan tre inn som ein usett tredjepart og analysere situasjonen. Det er eit fiffig grep. Heilt realistisk er det kanskje ikkje, men ikkje kven som helst kan vere meisterdetektiv, og dette er ein god måte å etablere nettopp det på.

Fart og spenning

Mykje av hjartet i «Young Sherlock» ligg i det veksande vennskapet mellom Sherlock og James Moriarty. Begge er utstyrt med ein naturleg nysgjerrigheit, manglande respekt for lova og slåande intellekt, noko som både bringar dei saman og gir grunnlag for konflikt.

En person i fargerik drakt går over en gresskledd slette med en hvit hest i bakgrunnen. Omgivelsene inkluderer grønne, bølgende åser under en overskyet himmel. Det er flere gule blomster som pryder landskapet. Hesten står med hodet bøyd mot bakken, og det ser ut som om den beiter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PRINSESSE: Zine Tseng spelar Shou'an, ei kinesisk prinsesse som besøker Oxford og blandar seg i mysteriet.

Foto: Daniel Smith/Prime

Då dei to så får ferten av ein konspirasjon, kan dei ikkje anna enn å bli involverte. Medan mordet på ein professor skakar universitetet, tek dei to saka i eigne hender – spesielt sidan Sherlock er sikta for det.

At den besøkande kinesiske prinsessa Gulun Shou'an (Zine Tseng) også har ein tendens til å dukke opp der dei to snusar rundt, gjer ikkje situasjonen mindre komplisert.

En kvinne i rutete rød kjole med matchende jakke og hatt, står og ser gjennom et hull i et vindu. Sammen mde henne bakvinduet står to unge menn i stripete dresser.

INNBROT: Shou'an er interessert i det som går føre seg på universitetet.

Foto: Daniel Smith/Prime

«Young Sherlock» er ikkje ein serie som vil låse seg fast, med eit evig utvidande repertoar av ny informasjon og vendingar. I han ligg òg eit solid knippe godt koreograferte slåstkampar, på ein skala frå slapstick til blodig alvor.

Les òg «Underhaldande influensarkrim»

En kvinne med en smilende, hvit maske sitter bak et bord. Bordet og rommet rundt henne er fullt av Halloween-lignende effekter som lys, figurer og røkelse.

Dialogen vektlegg kvikkleik, både for å vise tankegangen til våre smarte protagonistar, og fordi «Young Sherlock» er raus med humor.

For meg fungerer det for det meste godt, men det kan bli litt mykje til tider.

Resultatet er også noko anakronistisk. Spesielt dei få gongene ein moderne song plutseleg slår til, i staden for Christopher Benstead sitt svingande gode originale ljodspor.

Manglar noko

«Young Sherlock» er velprodusert og solid underhalding, men han når aldri det punktet der eg følar at eg må sjå neste episode med ein gong.

Handlinga, med alle sine krikar og krokar, får aldri sett klørne i meg skikkeleg. Klart vil eg vite kva som hender, men retninga sjølve mysteriet tek, treff meg ikkje heilt.

To pent kledde menn sitter ved et bord dekket med mat og stearinlys. De ser sjokkert på en tredje, yngre mann som lener seg over bordet ved siden av dem.

TYPISK SØSKEN: Sherlock har det med å skape problem for broren Mycroft (Max Irons, til høgre), her framfor Sir Bucephalus Hodge (Colin Firth).

Foto: Daniel Smith/Prime

Sjølv om eg likte karakterane godt, synest eg nok dei er meir underhaldande enn truverdige. Når serien etter kvart bevegar seg inn i djupare alvor og appellerer meir til sjokk og kjensler, lengtar eg litt tilbake til universitetet i Oxford.

Dette er eit av dei tilfella der serien i seg sjølv ikkje nødvendigvis gjer nokon store feil, men likevel manglar det vesle ekstra som hadde dratt han opp til å vere skikkeleg bra.

Som han står er «Young Sherlock» underhaldande, men ikkje noko eg kjem til å hugse lenge.

Hei!

Eg er frilansar som skriv om film, seriar og spel for NRK.

I det siste har eg blant anna anmeldt spelet «Mewgenics» og «Super Mario Galaxy filmen»