Lov om redaksjonell fridom i media

DatoLOV-2008-06-13-41
DepartementKulturdepartementet
Ikrafttredelse01.01.2009
Sist endretLOV-2020-05-29-59 fra 01.07.2020
KorttittelMediefridomslova

Oppheva med lov 29 mai 2020 nr. 59 (ikr. 1 juli 2020 iflg. res. 29 mai 2020 nr. 1107).

§ 1.Føremål

Føremålet med lova er å sikre redaksjonell fridom i media.

§ 2.Verkeområde

Lova gjeld for

1.dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt,
2.kringkastarar, jf. kringkastingsloven​1 § 1-1 tredje ledd og
3.elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål og funksjon som medium nemnde under nr. 1 og 2.

Lova gjeld ikkje medium som har som hovudføremål å drive med reklame eller marknadsføring, eller som hovudsakleg er retta mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap.

1Lov 4 des 1992 nr. 127.

§ 3.Plikt til å ha ein redaktør

Medium som nemnt i § 2 skal ha ein redaktør.​1

Med redaktør er i denne lova meint den som tek avgjerd om innhaldet i mediet eller om ein del av dette, anten han blir kalla redaktør, utgivar eller noko anna.

1Jf. strl. § 269 og § 270.

§ 4.Redaksjonell fridom​1

Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda skal redaktøren​2 leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål.

Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine vegner leier føretaket, kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale før det blir gjort allment tilgjengeleg.​3

1Jf. Grl. § 100, EMK art. 10. Sjå § 5.
2Sjå § 3 (2).
3Sml. lov 4 des 1992 nr. 127 § 2-3.

§ 5.Høve til å fråvike lova

Regelen i § 4 kan ikkje fråvikast gjennom avtale eller anna rettsgrunnlag til ugunst for redaktøren.​1

1Sjå § 3 (2).

§ 6.Ikraftsetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen fastset.

0Frå 1 jan 2009 iflg. res. 13 juni 2008 nr. 603.