Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)

DatoLOV-2007-06-29-89
DepartementKultur- og likestillingsdepartementet
Sist endretLOV-2025-05-09-14 fra 01.07.2025
Ikrafttredelse01.08.2007
Kunngjort29.06.2007
Rettet27.09.2021 (faglige fotnoter fjernet)
KorttittelKulturlova

Jf. lov 7 juni 2013 nr. 31.

§ 1.Føremål

Lova skal leggja til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte gjennom å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd i tråd med prinsippet om armlengds avstand, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

0Endra ved lov 9 mai 2025 nr. 14 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 9 mai 2025 nr. 754).

§ 2.Definisjonar

Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å

a.skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
b.verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
c.delta i kulturaktivitet,
d.utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.

§ 2 a.Avstand til politiske styresmakter

Avgjerder som i hovudsak skal baserast på kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn, skal treffast av personar med relevant fagkompetanse. Politiske styresmakter kan ikkje overprøva eller instruera om innhaldet i slike avgjerder. Dette er ikkje til hinder for overordna styring gjennom økonomiske og juridiske rammer og generelle mål.

Første leddet gjeld ikkje

a.avgjerder basert på kulturmiljøfagleg skjønn, inkludert avgjerder om tildeling av tilskot til tiltak knytte til kulturmiljø, eller til ivaretaking av tradisjonshandverk når tilskotet har samanheng med slike tiltak
b.ved behandling av klage etter forvaltningslova § 28 andre leddet.
0Tilføyd ved lov 9 mai 2025 nr. 14 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 9 mai 2025 nr. 754).

§ 3.Statens oppgåver

Staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak.

Staten skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.

§ 4.Fylkeskommunens og kommunens oppgåver

Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.

Fylkeskommunen og kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet og fastsetja overordna mål og strategiar for dette feltet i arbeidet med planar etter plan- og bygningslova kapittel 8 og 11. Måla og strategiane bør vera eigna til å møta dei utfordringane som går fram i den skriftlege oversikta.

0Endra ved lov 9 mai 2025 nr. 14 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 9 mai 2025 nr. 754).

§ 5.Felles oppgåver

Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for

a.at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,
b.å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,
c.at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.

§ 6.Ikraftsetjing

Kongen fastset når​1 lova skal ta til å gjelda.

1Frå 1 aug 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 905.