Verktøylinje
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Forvarelova.
- § 1. Kva lova gjeld.
- § 2. Kva sume ord tyder.
- § 3. Forbod.
- § 4. Melding, godkjenning og anna.
- § 5. Varekunngjering (deklarasjon) og merking.
- § 6. Tilsyn.
- § 7. Bygdemøller.
- § 8. Styringsorgan.
- § 9. Avgifter.
- § 10. Straff og anna.
- § 11. Iverksetjing.
- § 12. Kva tid lova tek til å gjelda.
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Opphevet
Opphevet
Del dokument
Lov om tilsyn med fôrvarer.
Loven er opphevet av ny matlov 19 des 2003 nr. 124 (i kraft 1 jan 2004). Jfr. lov 23 feb 1951 nr. 5. – Jfr. tidlegare lov 27 juni 1924 nr. 3.
§ 1.Kva lova gjeld.
Denne lova gjeld
av fôrvare (jfr. § 2) som vert utgjeven for å vera brukeleg til dyrefôr.
Fôrvare som skal utførast eller som vert innførd i transitt, går ikkje inn under lova utan Kongen1 har gjeve påbod om det.
Kongen1 kan fastsetja at for sume slag fôrvare eller for fôrvare som vert nytta einast til visse dyreslag eller til vitskapelege føremål, skal ingen eller berre nokre av føresegnene i lova gjelda. Om vareparti som ikkje er over ein viss storleik, gjeld det same.
I einskilde tilfelle kan departementet1 gjera vedtak om at eit serskilt nemnt vareparti ikkje skal gå inn under lova eller sume av føresegnene.
I tvilstilfelle avgjer departementet om ei vare er fôrvare etter denne lova.
§ 2.Kva sume ord tyder.
Med fôrvare er her i lova meint:
Med tilverking, innførsle og omsetning av fôrvare er meint:
§ 3.Forbod.1
Tilverking, innførsle og omsetning av vare som går inn under denne lova,2 skal stå under tilsyn og regulering etter reglar som Kongen3 gjev.
Til iverksetjing av tilsyn og regulering kan Kongen3 m.a.:
§ 4.Melding, godkjenning og anna.
Kongen1 kan fastsetja at den som tilverkar, innfører eller omset fôrvare som går inn under denne lova,2 skal:3
Den som tilverkar fôrvareblanding, må nytta blandingsutstyr som departementet har godkjent.
Den som på fyrste hand står føre å by fram lækjeemnehaldig fôrvare, må ha godkjenning til dette frå det departementet som har godkjenningsrett.4 For godkjenning kan det setjast nærare vilkår.
§ 5.Varekunngjering (deklarasjon) og merking.
Når nokon omset fôrvare som går inn under denne lova,1 skal2 han lata kjøparen få oppgåve over innhaldet i vara og samansetninga. Oppgåva skal vera i samsvar med føresegn som Kongen fastset.3
Kongen4 gjev for kvar einskild vare føresegner5 om analysen, forma på og innhaldet i oppgåva, merking av vareinnpakking o.a.
For den som sel vare han har avla sjølv, gjeld denne paragrafen ikkje, utan han driv handel med fôrvare.
§ 6.Tilsyn.
Departementet1 gjev reglar2 om tilsynet med at føresegner, gjevne i eller med heimel i lova her, vert fylgde. Såleis skal det gjevast reglar om korleis prøver av varer må verta uttekne og granska og om anna tilsyn etter lova. Det kan fastsetjast at tilsynsmaktene for å kontrollere har rett til å koma inn i roma og transportvognene til den som tilverkar, innfører eller omset fôrvare.3 Likeins at dei vederlagsfritt kan taka ut prøver til gransking.
Når det kjem fôrvare4 frå utlandet, skal tollstellet, i det omfang departementet1 fastset, straks varsla tilsynsmaktene. Desse avgjer om det skal takast prøve av vara og om ho kan verta utlevert. Uttekne prøver skal prøvetakaren straks senda til analyse.
Tilsynsmaktene kan krevja å få framlagt for seg, dei bøkene som er nemnde i § 4.
Departementet1 kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.
§ 7.Bygdemøller.
Departementet1 kan fastsetja føresegner2 for bygdemøller som vik frå §§ 4, 5 og 6 i lova.
§ 8.Styringsorgan.
Departementet1 kan gje reglar om organiseringa av fôrvaretilsynet.2
§ 9.Avgifter.
Kongen1 i riksråd kan fastsetja at den som tilverkar, innfører eller omset fôrvare som går inn under denne lova,2 skal svara ei avgift til å greida kostnaden med prøvetaking, analysar og granskingar og med å ha kontroll og tilsyn med at føresegner, gjevne i eller med heimel i lova her, vert etterlevde.
Den som tilverkar, innfører, omset eller brukar fôrvare, har rett til å få vara si analysera mot å svara avgift.
Avgift som nemnt i denne paragrafen, kan verta sett i eller i form av takstar for det einskilde kontrolltiltaket og/eller etter vekt, storleik eller verde på vara som er tilverka, innførd eller omset.
Departementet3 kan gje føresegner om avgiftsfritaking som kan gjelda heilt ålment eller for det einskilde tilfellet og kan likeins fastsetja at avgiftsgrunnlaget kan finnast ut med skjøn når det ikkje let seg gjera å fastsetja kor stor avgifta skal vera etter oppgåver og opplysningar som ligg føre.
Departementet3 kan gjeva reglar4 om korleis avgifta skal reknast ut, krevjast inn og oppgjerast, om tilsynet med dette og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er oppgjord i rett tid. Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.5
§ 10.Straff og anna.
Om nokon med vilje eller i aktløyse bryt eller freistar bryta føresegn gjeven i eller med heimel i eller halden oppe i denne lova, eller bryt eller freistar bryta påbod eller forbod gjeve med heimel i lova, vert han straffa med bot,1 når åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.2
Om nokon tilverkar eller innfører fôrvare3 utan å rette seg etter føresegnene om melding og bokførsle i § 4 her i lova, kan departementet4 for ei viss tid nekta han løyve til å innføra eller omsetja slik vare som forsøminga gjeld.
Departementet kan gje anna tilsynsmakt fullmakt til å leggja beslag på ei fôrvare dersom denne etter gjeldande føresegner inneheld fôrtilsetningar, giftstoff eller smittestoff som kan vera helsefarlege for dyr eller som gjennom husdyrprodukt kan føra til helseskade for folk. Det same gjeld fôrvare som av andre grunnar kan reknast for helsefarleg. Klage over avgjerd om beslag kan skje til departementet. Klage har ikkje oppsetjande verknad.
§ 11.Iverksetjing.
Kongen1 kan gjeva føresegner som trengst til iverksetjing av lova.
§ 12.Kva tid lova tek til å gjelda.