Lov om offentleg godkjenning av pleiarar i psykiatriske sjukehus.

DatoLOV-1972-06-23-69
DepartementSosialdepartementet
Sist endretLOV-1999-07-02-64 fra 01.01.2001
KorttittelLov om psykiatriske pleiarar.

Loven er opphevet av lov 2 juli 1999 nr. 64 som trådte i kraft 1 jan 2001 iflg. res. 1 des 2000 nr. 1199. – Jfr. lover 8 jan 1960 nr. 1 og 28 april 1961 nr. 2.

§ 1.​1

Den som var i arbeid som pleiar ved psykiatrisk sjukehus den 1 januar 1965 og utan lengre avbrott framleis er i slikt arbeid, kan departementet​2 gje godkjenning som pleiar i psykiatrisk sjukehus. Departementet gjev nærare føresegner om vilkåra for godkjenning. Søknad om godkjenning etter denne lova må vera kome inn til departementet innan 6 månader frå den dag lova vert sett i verk.​3

1Jfr. lover 8 jan 1960 nr. 1 § 7 og 28 april 1961 nr. 2 §§ 1 og 2.
2Sosial- og helsedepartementet.
3Sjå § 5.

§ 2.

Når ein offentleg godkjend pleiar i psykiatrisk sjukehus har synt seg uskikka til å gjera arbeidet sitt forsvarleg, skal departementet​1 kalla godkjenninga attende. Før ei godkjenning vert kalla attende, skal pleiaren få høve til å uttala seg.

1Sosial- og helsedepartementet.

§ 3.

Pleiar i psykiatrisk sjukehus som utan rett til det brukar nemninga offentleg godkjend eller ei nemning som er eigna til å få folk til å tru at han er offentleg godkjend, vert straffa med bøter.​1

1Jfr. strl. § 27.

§ 4.​1

Godkjende pleiarar i psykiatriske sjukehus har plikt til, med slike atterhald som er fastsette i lov, å teia om det som dei under sitt arbeid blir tiltrudde. Same reglar skal gjelda om det dei får kunnskap om om folks sjukdomstilhøve eller andre personlege tilhøve.

1Jfr. strl. § 144, tvml. § 205, strpl. § 119.

§ 5.

Denne lova tek til å gjelda straks.