Lov om Statens reseptarskole.

DatoLOV-1972-06-16-45
DepartementKulturdepartementet
Sist endretLOV-1995-05-12-22 fra 01.01.1996
KorttittelLov om Statens reseptarskole.

Opphevet ved lov 12 mai 1995 nr. 22 fra 1 jan 1996. Jfr. lov 21 juni 1963 nr. 17. – Jfr. tidlegare lov 8 april 1960.

§ 1.

Statens reseptarskole utdannar reseptarar. Skolen held reseptareksamen.

§ 2.

Skolen skal ha eit styre. Det blir oppnemnt av departementet​1 som også avgjer kor mange medlemer styret skal ha. Rektor og minst ein representant for studentane skal være med i styret.

Departementet kan fastsetje føresegner for styret, rektor og andre tenestemenn.

1Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.

§ 3.

Departementet​1 gjev føresegner om

1.opptak
2.undervisning og praksis
3.eksamensskipnad
4.fritak for eksamen eller prøve når tilsvarande krav er oppfylt ved annan institusjon
5.avgrensing i tilgjenge til ny eksamen eller prøve.
1Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.

§ 4.

Sensorane blir oppnemnde av styret. Det avgjer kven som skal greie med oppnemning ved uventa forfall. Så langt det er råd skal det ved kvar eksamen eller prøve vere ein sensor som ikkje høyrer til på skolen.

§ 5.

Reseptareksamen gjev rett til tittelen reseptar.

Kongen kan gje føresegner om godkjenning av utanlandsk eksamen som fagleg jamgod med reseptareksamen og om at slik eksamen skal gje rett til tittelen reseptar. Tilleggsprøver kan krevjast og det kan setjast særlege vilkår for rett til tittelen.

§ 6.

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.​1 Frå same tid blir lov 8 april 1960 om reseptarutdanning avskipa.

Dei som har teke til med studiet før lova tek til å gjelde held fram etter den gamle skipnaden. Departementet​2 kan fastsetje overgangsføresegner.

1Straks, etter res. 16 juni 1972.
2Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.