Verktøylinje
Lov om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova)
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Bustadbyggjelagslova - bbl
-
Kapittel 1. Innleiande føresegner (§§ 1-1 - 1-6)
- § 1-1. Verkeområde
- § 1-2. Ansvarsavgrensing
- § 1-3. Tilknytte lag
- § 1-4. Forbod mot diskriminering
- § 1-5. Meldingar mv.
- § 1-6. Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Del dokument
Lov om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova)
Jf. tidlegare lov 4. februar 1960 nr. 1 om boligbyggelag.
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1.Verkeområde
§ 1-2.Ansvarsavgrensing
§ 1-3.Tilknytte lag
Tilknytte burettslag er burettslag der det følgjer av vedtektene at andelseigarane skal vere andelseigarar i eit bestemt bustadbyggjelag.
🔗Del paragraf§ 1-4.Forbod mot diskriminering
I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad. Ved diskriminering gjeld likestillings- og diskrimineringsloven.
§ 1-5.Meldingar mv.
§ 1-6.Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
Kapittel 2. Stifting av bustadbyggjelag
§ 2-1.Stiftingsdokument
§ 2-2.Minstekrav til vedtektene
§ 2-3.Minstekrav til stiftingsdokumentet elles
Stiftingsdokumentet skal elles opplyse om namn eller føretaksnamn, adresse og fødsels- eller organisasjonsnummer for stiftarane, tida for innbetaling av andelane og eventuell innskotskapital etter § 3-1 fjerde ledd om kven som skal vere første styre og første revisor i laget.
§ 2-4.Føresegner om særskilde rettar
§ 2-5.Opningsbalanse
§ 2-6.Stifting av laget
Stiftarane skal datere og signere stiftingsdokumentet. Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er andelane teikna og laget stifta. Stiftingsdokumentet kan opprettast på papir eller gjennom elektronisk løysing for stifting av bustadbyggjelag godkjend av Føretaksregisteret.
§ 2-7.Betaling av andelane
§ 2-8.Melding av laget til Føretaksregisteret
§ 2-9.Kravet på innskot
Lagets krav på andelsinnskot eller innskotskapital kan ikkje overdragast. Det kan heller ikkje stillast som trygd eller takast utlegg i for gjeld.
🔗Del paragrafKapittel 3. Kapitalen i laget
§ 3-1.Minstekapital
§ 3-2.Årspengar
§ 3-3.Krav til forsvarleg eigenkapital
Laget skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i laget.
🔗Del paragraf§ 3-4.Handleplikt ved tap av eigenkapital
§ 3-5.Utdeling m.m.
Kapittel 4. Andelseigarane
I Andelseigarane
§ 4-1.Andelseigarane
§ 4-2.Krav til andelseigarbok
§ 4-3.Melding om innføring i andelseigarboka
II Eigarskifte og vilkår for eigarskifte
§ 4-4.Eigarskifte
§ 4-5.Utmelding og utestenging
§ 4-6.Samarbeidsutval
Dersom bustadbyggjelaget ber om det, skal juridiske personar som nemnde i burettslagslova § 4-2 som eig andel i eit tilknytt burettslag, vere med i eit samarbeidsutval for behandling av erverv av andelar og forvaltning av leigeforhold i dei tilknytte burettslaga.
🔗Del paragrafKapittel 5. Generalforsamlinga
I Allmenne reglar
§ 5-1.Mynde
Generalforsamlinga har øvste myndet i laget.
🔗Del paragraf§ 5-2.Møterett. Fullmektig
§ 5-3.Delegerte
§ 5-4.Røysterett. Habilitet
§ 5-5.Møterett og møteplikt for leiinga
Styreleiaren og dagleg leiar skal vere til stades på generalforsamlinga. Ved gyldig forfall skal det peikast ut nokon til å møte i staden. Andre styremedlemmer kan vere til stades på generalforsamlinga. Styremedlemmer og dagleg leiar har rett til å uttale seg på generalforsamlinga.
🔗Del paragrafII Møte i generalforsamlinga
§ 5-6.Ordinær generalforsamling
§ 5-7.Ekstraordinær generalforsamling
III Innkalling til generalforsamlinga
§ 5-8.Kven som skal kalle inn
§ 5-9.Kvar generalforsamlinga skal haldast
Generalforsamlinga skal haldast i den kommunen der laget har forretningskontoret, om det ikkje er fastsett i vedtektene at ho kan haldast på ein eller fleire andre oppgitte stader. Generalforsamlinga kan haldast ein annan stad dersom det trengst av særlege grunnar.
🔗Del paragraf§ 5-10.Krav til innkallinga
§ 5-11.Rett til å få saker opp på generalforsamlinga
IV Møtereglar
§ 5-12.Opning av møtet. Møteleiar
§ 5-13.Liste over andelseigarar eller delegerte på møtet
Den som opnar møtet, skal før første røysting setje opp ei liste over dei andelseigarane som har møtt, anten sjølve eller ved fullmektig, eller delegerte som har møtt. Lista skal nyttast til ho måtte bli endra av generalforsamlinga.
🔗Del paragraf§ 5-14.Saker utanom saklista
§ 5-15.Opplysningsplikt for leiinga
§ 5-16.Valkomité
§ 5-17.Protokoll
V Fleirtalskrav o.a.
§ 5-18.Vanleg fleirtalskrav
§ 5-19.Vedtektsendring
Generalforsamlinga kan vedta å endre vedtektene med to tredjedelar av dei røystene som er gitt. I vedtektene kan det fastsetjast strengare fleirtalskrav enn det som følgjer av paragrafen her.
🔗Del paragraf§ 5-20.Misbruk av mynde
Generalforsamlinga kan ikkje gjere noko vedtak som er skikka til å gi visse andelseigarar eller andre ein urimeleg fordel til skade for andre andelseigarar eller laget.
🔗Del paragrafVI Søksmål om ugyldige vedtak
§ 5-21.Kven som kan reise søksmål om ugyldige vedtak
Ein andelseigar, ein styremedlem eller dagleg leiar kan reise søksmål med påstand om at eit vedtak av generalforsamlinga er ugyldig fordi det er blitt til på ulovleg vis eller elles er i strid med lova eller vedtektene for laget. Slikt søksmål kan òg reisast av eit fleirtal av dei tilsette eller alternativt av fagforeiningar som organiserer to tredjedelar av dei tilsette.
🔗Del paragraf§ 5-22.Frist for å reise søksmål
§ 5-23.Dom om ugyldig vedtak
VII Gransking
§ 5-24.Framlegg om gransking
§ 5-25.Avgjerd i tingretten
§ 5-26.Granskingsrapporten
VIII Representantskap
§ 5-27.Representantskap
Kapittel 6. Leiinga av laget
I Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid o.a.
§ 6-1.Styret
§ 6-2.Dagleg leiar
Styret skal tilsetje ein dagleg leiar for laget.
🔗Del paragraf§ 6-3.Val av styremedlemmer
§ 6-4.Rett for tilsette til å velje styremedlemmer
§ 6-4 a.Krav til kjønnssamansetjing i styret
§ 6-4 b.Krav til kjønnssamansetjing for styremedlemmer valde av og blant dei tilsette
§ 6-5.Tenestetid for styremedlemmene
§ 6-6.Avgang og avsetjing før tenestetida er slutt
§ 6-7.Suppleringsval
§ 6-8.Varemedlemmer og observatørar
Føresegnene i lova om styremedlemmer gjeld tilsvarande for varamedlemmer og observatørar så langt dei passar.
🔗Del paragraf§ 6-9.Godtgjersle
Eventuell godtgjersle til styremedlemmer og observatørar skal fastsetjast av generalforsamlinga. Ved konkurs fell retten til godtgjersle bort frå konkursopninga.
🔗Del paragrafII Oppgåver for leiinga. Saksbehandling o.a.
§ 6-10.Forvaltninga av laget
§ 6-11.Tilsynsansvar for styret
Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga og verksemda i laget elles. Styret kan fastsetje instruks for den daglege leiinga.
🔗Del paragraf§ 6-12.Dagleg leiing
§ 6-13.Plikter for dagleg leiar overfor styret
§ 6-14.Tilhøvet til dotterselskap
Laget skal melde frå til styret i eit dotterselskap om tilhøve som kan ha noko å seie for heile konsernet, jf. regnskapsloven § 1-3. Laget skal òg melde frå til styret i dotterselskapet om vedtak som kan ha noko å seie for dotterselskapet, før endeleg vedtak blir gjort.
🔗Del paragraf§ 6-15.Godtgjersle frå andre enn laget
§ 6-16.Kravsmål om gjeldsforhandling eller konkurs
§ 6-17.Saksbehandlinga i styret
§ 6-18.Krav om styrebehandling o.a.
Styreleiaren skal syte for behandling av aktuelle saker som høyrer under styret. Styremedlemmene og dagleg leiar kan krevje at styret tek opp bestemte saker.
🔗Del paragraf§ 6-19.Førebuinga av saker og varsling
§ 6-20.Styreinstruks
§ 6-21.Når kan styret gjere vedtak
§ 6-22.Vanleg fleirtalskrav
§ 6-23.Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar
§ 6-24.Inhabilitet
§ 6-25.Misbruk av posisjon i selskapet o.a.
§ 6-26.Styreprotokoll
III Tilhøvet utetter
§ 6-27.Representasjon
Styret representerer firmaet utetter og teiknar føretaksnamnet.
§ 6-28.Fullmakt til å teikne lagets føretaksnamn
§ 6-29.Representasjon ved dagleg leiar
Dagleg leiar representerer laget utetter i saker som inngår i den daglege leiinga.
🔗Del paragraf§ 6-30.Overskriding av mynde
Har nokon som representerer laget utetter etter reglane i §§ 6-27 til 6-29, ved disposisjon på vegner av laget gått ut over sitt mynde, er disposisjonen ikkje bindande for laget når laget godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet blei overskride, og det ville stride mot heider og god tru å gjere disposisjonen gjeldande.
🔗Del paragraf§ 6-31.Manglar ved val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar
Etter at val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg leiar er registrert i Føretaksregisteret, kan manglar ved valet eller tilsetjinga ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson, om ikkje laget godtgjer at tredjepersonen kjende til mangelen.
🔗Del paragrafKapittel 7. Verksemda i laget
§ 7-1.Skaffe andelseigarane bustader
§ 7-2.Bustadforvaltning
Bustadbyggjelaget kan forvalte bustader for andelseigarane gjennom
§ 7-3.Dotterselskap o.a.
Det som er sagt om bustadbyggjelaget i kapittelet her, gjeld tilsvarande for samanslutning som bustadbyggjelaget har eigarpart i.
🔗Del paragraf§ 7-4.Anna verksemd
Føresegnene i kapittelet her er ikkje til hinder for at bustadbyggjelaget driv anna verksemd til beste for andelseigarane.
🔗Del paragrafKapittel 8. Revisjon
§ 8-1.Revisor
Eit bustadbyggjelag skal ha ein eller fleire statsautoriserte eller registrerte revisorar.
🔗Del paragraf§ 8-2.Val av revisor
§ 8-3.Bortfall av oppdraget
§ 8-4.Nyval av revisor
§ 8-5.Revisjonsmelding
Revisor skal gi revisjonsmelding til generalforsamlinga for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende seinast to veker før den ordinære generalforsamlinga.
🔗Del paragraf§ 8-6.Revisor er med i generalforsamlinga
Revisor skal møte i generalforsamlinga når det skal behandlast saker som gjer dette nødvendig. Ut over dette har revisor rett til å møte i generalforsamlinga.
🔗Del paragraf§ 8-7.Berekraftsrapportering
Kapittel 9. Samanslåing av bustadbyggjelag
§ 9-1.Samanslåing av bustadbyggjelag
§ 9-2.Godkjenning av planen om samanslåing
§ 9-3.Andelar i det overtakande laget
Andelseigarane i det overdragande laget skal førast inn i andelseigarboka i det overtakande laget når samanslåinga er vedteken i dei laga som skal slåast saman. Andelseigarar frå det overdragande laget har ikkje rettar eller plikter i det overtakande laget før samanslåinga er registrert som etter § 9-11 første ledd.
🔗Del paragraf§ 9-4.Innhaldet i planen for samanslåinga
§ 9-5.Vedlegg til planen
Som vedlegg til planen skal følgje
§ 9-6.Rapport om samanslåinga
Når planen om samanslåing er ferdig, skal styret i kvart lag utarbeide ein skriftleg rapport om samanslåinga, og kva den vil ha å seie for laget. Rapporten skal gjere greie for grunngivinga for framlegget om samanslåing, og for kva samanslåinga vil få å seie for dei tilsette i laget.
🔗Del paragraf§ 9-7.Melding til andelseigarane
Planen for samanslåinga og andre saksdokument skal takast med i innkallinga til generalforsamlinga.
🔗Del paragraf§ 9-8.Melding av vedtak om samanslåing til Føretaksregisteret
Seinast ein månad etter at samanslåinga er godkjend i laga, skal vedtaket saman med planen og vedlegga etter §§ 9-4 og 9-5 meldast til Føretaksregisteret av styret i kvart lag. Blir fristen overseten, fell vedtaket bort.
🔗Del paragraf§ 9-9.Kreditorvarsel
Føretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om samanslåing i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og varsle kreditorane i laga om at eventuelle motsegner mot samanslåinga må meldast til laget innan seks veker frå siste kunngjering.
§ 9-10.Motsegn frå kreditor
§ 9-11.Gjennomføring av samanslåinga
§ 9-12.Forvaltninga av det overdragande laget
§ 9-13.Ugyldig samanslåing
§ 9-14.Fusjon mellom bustadbyggjelag og heileigd dotterselskap
Kapittel 10. Oppløysing og avvikling
§ 10-1.Vedtak om oppløysing
§ 10-2.Avviklingsstyre og andre organ i laget
§ 10-3.Melding til Føretaksregisteret
Vedtak om å oppløyse laget skal meldast til Føretaksregisteret straks vedtaket er endeleg og avviklingsstyre er valt. Meldinga skal innehalde opplysningar om medlemmene av avviklingsstyret.
🔗Del paragraf§ 10-4.Kreditorvarsel
§ 10-5.Stillinga for laget under avviklinga
§ 10-6.Avviklingsbalanse o.a.
§ 10-7.Dekning av skyldnadene
§ 10-8.Omgjering av eignedelar til pengar
Eignedelane til laget skal gjerast om i pengar.
🔗Del paragraf§ 10-9.Utdeling av overskot
§ 10-10.Endeleg oppløysing
§ 10-11.Etterutlodding
Det som måtte tilfalle laget av summar som er sette av etter § 10-9 andre ledd, skal behandlast som fastsett i § 10-9 tredje ledd.
🔗Del paragraf§ 10-12.Omgjering av vedtak om oppløysing
§ 10-13.Tingretten overtek ansvaret for avviklinga
§ 10-14.Oppløysing etter orskurd frå tingretten
Dersom ikkje generalforsamlinga vedtek oppløysing, skal tingretten ved orskurd vedta laget oppløyst i desse tilfella
§ 10-15.Behandling av saker om oppløysing etter § 10-14
§ 10-16.Orskurden frå tingretten
§ 10-17.Avvikling av laget
Kapittel 11. Skadebot o.a.
§ 11-1.Skadebotansvar
Den som i eigenskap av styremedlem, dagleg leiar, granskar eller andelseigar valdar tap forsettleg eller aktlaust for laget, andelseigarar eller andre under utføringa av oppgåva si, har plikt til å bøte tapet. Det same gjeld for medlem av representantskap eller andre organ som er skipa etter vedtektene.
🔗Del paragraf§ 11-2.Lemping
Skadebotansvar etter § 11-1 kan lempast etter skadeserstatningsloven § 5-2.
🔗Del paragraf§ 11-3.Vedtak om å fremje krav
§ 11-4.Krav på vegner av laget
§ 11-5.Ansvarsfritak
Har generalforsamlinga gjort vedtak om ansvarsfritak eller om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan laget likevel fremje krav grunna på omstende som generalforsamlinga på vesentlege punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysningar om da vedtaket blei gjort.
🔗Del paragraf§ 11-6.Konkurrerande krav
Andelseigarar, kreditorar eller andre som har lidt tap fordi laget er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med laget, og deira krav står tilbake for lagets krav.
🔗Del paragraf§ 11-7.Andre krav på vegner av laget
Føresegnene i §§ 11-4 og 11-5 gjeld tilsvarande for lagets krav på tilbakeføring etter § 3-5 femte ledd og lagets krav på godtgjersle etter § 6-15 tredje ledd.
Kapittel 12. Ymse føresegner
§ 12-1.Teieplikt
§ 12-2.Saksbehandlinga i tingretten o.a.
§ 12-3.Fristrekning
§ 12-4.Rettssak mellom laget og styret
I saker mellom laget og styret eller enkelte styremedlemmer skal generalforsamlinga velje ein eller fleire personar til å representere laget i saka. Blir ikkje det gjort, kan tilseiing skje til kven som helst av andelseigarane.
🔗Del paragrafKapittel 13. Ikraftsetjing. Overgangsreglar
I Ikraftsetjing
§ 13-1.Ikraftsetjing
Frå 15 aug 2005 for resten av loven iflg. res. 17 juni 2005 nr. 602.
II Overgangsreglar
§ 13-2.Overgangsreglar
III (Oppheva)